Langs Bryggjevegen i Åraksbø, like ved Grendehuset, står det att ein svær steinmur etter Setesdalens Koparverk som var i drift i bygda kring 1845–1850.
Oppå flata over muren, som bygdefolket kallar Kolbotnen, stod kolhuset og malmhuset til koparverket. Det var svære bygningar! Malmhuset var ein tømra bygning, 13 m lang og 6 m brei. Kolhuset var endå mykje større, om lag 45 m langt og 12 m breitt. Her blei kolet lagra i store bingar for seinare å bli nytta i smelteomnane. I Jol i Setesdal i 1976 skriv Hallvard Eldhuset levande om korleis dei som ungar leika utanfor skulehuset som stod på Kolbotnen. Små fingrar grov i kolet. Kol, kol, kol, meterdjupt!
Stykket held fram under biletet

Koparverket
Setesdalens Koparverk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden og Bø i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845–1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand.
«Industrieventyret» – som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie – enda med dundrande konkurs.
Du kan lese mykje meir om koparverket på Setesdalswiki. Reidar Vollen har skrive svært grundig om prosjektet i Bygland gard og ætt (bind IV, Bygland kommune, 2006, s. 243–259). Lokalhistorikaren Sigmund Monen på Evje har ei omfattande utgreiing om koparverket i det monumentale verket sitt om gamle gruvetradisjonar i Setesdal (Evje og Hornnes kommune, 2016, kapittel 2). Bjarne Nordgarden, som bur like nedanfor det gamle skulehuset i Åraksbø, nå grendehuset, skreiv særoppgåve om koparverket då han gjekk på Hornnes gymnas. Han har også på prent eit veldig fint stykke om verket i Jol i Setesdal, 1998. Opplysningane i stykket her er henta frå desse kjeldene.