Jordalsstemmen 15. juni 2017. Foto: Geir Daasvatn

Sørstemmen – Jordalsvatn

Sørstemmen er ein stor, mura steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på byrjinga av 1900-talet. 

Steinstemmen erstatta ein endå mykje eldre stem på staden som var rotna i stykker.

Jordalsåna, som i dag er kalla Søråni, var flotingselv. Vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga.

Jordalsåna (Søråni) renn saman med Nordåna ved Åmøtet, om lag 1,5 km sør for Jordalsbø. Derfrå blir elva kalla Kvålsåna til ho renn ut i Byglandsfjorden i Kilen, rett nord for der rundkøyringa på Riksveg 9 ligg nå.

Viktig tverrelv i flotinga

Kvålsåna var ei viktig flotingselv. Men utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av tømmer i Otra og etter kvart også i sidevassdraga. I 1950-åra blei det prosjektert og bygd eit nettverk av skogsbilvegar innover i heia. Flotinga i Kvålsåna blei erstatta av tømmerbilar, og rundt 1970 var det heilt slutt, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Han har ei omfattande utgreiing om flotinga i Jordalsåna der.

Men den svære stemmen ved Jordalsvatn, ja han står der den dag i dag. Han ligg rett ved Eksævegen. Det er ein fin skogsbilveg du kan ta ein dagstur med bil på, mot ei lita bomavgift på 50 kr. I området her er også mykje anna spennande å sjå og oppleve. Eg har skrive mykje meir om det i eit anna stykke, her.

Ein koseleg søndagstur til Sørstemmen ved Jordalsvatn, og gjerne endå lenger innover i heia, kan såleis vere litt av ein «højdare».

Sørstemmen på Norgeskart.no

Kjelder

  • Artikkelen om Jordalsstemmen på Setesdalswiki
  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, s. 541–547
  • Andre Vevstad, Fosskarane og Åna, utgjeve av Fellesfløtningen i Otra, 1999, s. 228–234
Annonse

Fleire kulturminne

Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida