Her ved Øy endar den opne vegen. Foto: Geir Daasvatn

Skogsbilvegen Jordalsbø – Eksæ

Frå Steinstog øvst oppe i Jordalsbø går det skogsbilveg, Eksævegen, mange kilometer austover i heia til Jordalsvatn, vidare til den gamle støylen Øy og til slutt det store vatnet Eksæ.

Du kan køyre bil på vegen, ein dagstur, mot ei bomavgift på bare 50 kr. Om du heller vil jogge eller sykle, er det ei minst like stor oppleving!

Langs vegen kjem du forbi Skulefossen og Skulefossbrua. Ved vestre enden av Jordalsvatn ligg Stemmen, ein stor steinstem som blei sett opp heilt på starten av 1900-talet. På sørsida av vegen her kan du finne likkvila etter Jørund G. Kvåle, om du leitar litt.

Gjennom gamalt støylslandskap

Vegen går vidare på sørsida av Jordalsvatn forbi støylane Ratøygard og Trodverk og fram til den gamle støylen Øy. Her er det snuplass. Ved Ratøygard kan du også ta ein liten pause, og sjå etter likkvila som er sagt å vere etter Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859.

Ved Øy går ei grein av vegen gjennom Øyardalen til vatnet Eksæ. Ja, om du er rett sprek, kan du faktisk kome deg endå eit lite stykke, ein kilometer eller to, til Grunnetjønn. Men dette siste stykket frå Øy er stengd med kjetting, og ikkje ope for almenn ferdsle. Her hekta eg for min del sykkelen av sykkelstativet bak på bilen, og hadde ein veldig fin sykkeltur vidare.

Stykket held fram under biletet

Her frå Øy kan du sykle vidare inn til Eksæ og Grunnetjønn. Foto: Geir Daasvatn

Ein avstikkar

Ved Furustøyl, før du kjem til Jordalsvatn, går ei grein av vegen over på nordsida av Søråni. Dette vegstykket følger nordsida av elva fram til Jordalsvatn. Herfra går vegen på vestsida av vatnet nordover mot Sivarstøyl og fram til Sivårsåni som renn ut frå Sandvatn. 

Ein spennande tur!

Har du ikkje sett deg om i desse traktene før, kan eg utan atterhald rå deg til ein tur. Nokre av dei tinga du kan sjå og oppleve langs vegen har eg nemnt ovanfor. Men det er mange fleire! Og skulle du ikkje vere interessert i gamle kulturminne og støylar i det heile, er det fine heielandskapet verdt turen i seg sjølv. Den beste tida for turen er nok ikkje akkurat i vårløysinga, eller om det skulle vere veldig blautt om hausten. Men frå litt ut på våren og framover er det ein super tur, etter mi meining!

Stykket held fram under annonsen

Annonse

Korleis kjem du hit

I Bygland sentrum, i rundkøyringa på Riksveg 9, tek du av mot Jordalsbø. Dit er det om lag fire km. Etter at du har køyrd over Søråni på bru, kjem du etter nokre få hundre meter til Steinstogvegen. Ta opp den vegen og køyr til endes. Der er det parkeringsplass om du vil sette ned bilen. Om du vil køyre vidare, betaler du 50 kroner i kontantar i bomkassa og legg i veg.

Bygland sentrum–Jordalsbø–Eksæ på Norgeskart.no

Fleire turtips på Setesdalssida.no

Kjelder

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Skogsbilvegen Jordalsbø – Eksæ"