Når du har passert Lauvdal på veg nordover, kjem du til den lange Lauvdalssvingen. Her kan du sjå den gamle vegen ta av mot høgre (til venstre i biletet her) og oppover i skogen. I dag er han traktorveg. På nedsida av Rv-9 kan du skimte spor etter den gamle Riksveg 400. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Lauvdalsodden

Lauvdalsodden i Bygland gjekk Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen i Setesdal, på oversida av dagens Riksveg 9. Det er framleis godt synlege spor etter den gamle vegen.

Det var rundt 1842 Postvegen kom hit. Men før dette hadde folk sjølvsagt også kontakt med kvarandre mellom gardane. Av gamle kart går det fram at det var ein «daleveg» som tok til i Vassend og gjekk vidare nordover langs Byglandsfjorden gjennom Grendi, forbi Longerak og Lauvdal til Bygland.

Gjennom busetnaden på Lauvdal gjekk Postvegen same stad som bygdevegen går i dag. Han kom forbi husmannsplassen Hagen. Ved den lange svingen som er på Rv-9 på Lauvdalsodden, svinga Postvegen seg til høgre rett før svingen og opp i skogen. Han kom ned att til der Rv-9 går nå rett etter svingen. Vegstykket her var i bruk til 1926, heter det på Kulturminnesok.no. Den endå mykje eldre «dalevegen» følgde same traseen.

Den gamle vegen der han treff igjen Rv-9 på nordsida av den lange Lauvdalssvingen. Foto.
Etter nokre hundre meter gjennom skogen treff den gamle vegen på Rv-9 igjen på nordsida av Lauvdalssvingen. Foto: Geir Daasvatn

Det er fleire gamle vegminne i dette området. I eit anna stykke her på Setesdalssida har eg skrive litt om Riksveg 400, som gjekk på nedsida (nærare fjorden) av Rv-9.

Gamlevegen gennom skogen. Foto.
Det er lett å sjå kor den gamle vegen har gått i terrenget. Her har det også vore ei kraftline, som sikkert har bidrege til at traseen ikkje har grodd heilt igjen. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
Postvegen – Moi
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen