Brennevinskleiva 17. juli 2021. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Brennevinskleiva

Fleire stader på Kjetså i Hornnes, mellom anna i Brennevinskleiva, er det tydelege spor etter den gamle Postvegen. Det var den aller første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal.

Vegen forbi Kjetså blei bygt rundt 1840, og Postvegen var farbar til Valle i 1844.

Rundt 2021 var det ei stor skogsdrift på Kjetså. Då kom denne såkalla «Brennevinskleiva» på den gamle vegen  til syne igjen. Kulturpersonlegdomen Alf Georg Kjetså fortel at kleiva skal ha fått namnet etter at eit anker brennevin ramla av lasset til ein setesdøl på veg heim frå byen.

Eg har gått eller sykla Brennevinskleiva mange gonger. Men eg har aldri sett vegen her frå avstand slik som me kan i dag. Det er rett og slett eit gamalt og kanskje litt gløymt kulturminne for mange som er komen fram i lyset.

Burde gjerast betre kjend

Eg meiner Postvegen er eit spesielt og verdifullt kulturminne. Dei godt bevarte stykka av vegen burde skiltast gjennom heile Setesdal. Gjerne med infotavler på strategiske stader også. Eg trur mange turistar og andre som ikkje er lokalkjende kunne ha stor glede av å sjå og vandre langs desse gamle historiske vegstubbane. Men det vil vel truleg ta ei tid å få det til.

Nå veit i alle høve du som les dette, og ser bilda, at du kan sjå gamlevegen på Kjetså frå bilvindauget eller sykkelsetet når du kjem forbi her.

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Den gamle byvgen i Brennevinskleiva, 2011. Foto
Den gamle byvgen i Brennevinskleiva, 2011. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Bjoneskleivi – Bykle
Håvorstad sagbruk – Åseral
Mølletrappa ved Fennefossen
Husmannsplassen Hagen
Kongshaugen – Evje
Fennefossen – flotingsmurar
Tveitbakk – flotingsmur
Ljosland kapell
Det første kraftverket på Hovden
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.