Den gamle kløvvegen rett nord for Øvre Li. Foto: Geir Daasvatn

Den gamle byvegen over vestheia i Iveland

Fram til ca. 1855 gjekk det ein «byveg» på austsida av Otra frå Evje over vestheia i Iveland til Kristiansand.

«Denne gamle kløvvegen har nesten gått i gløymeboka», skriv Håkon Honnemyr i eit lite hefte han har laga om vegen. Det var mykje meir trafikk på Fjellmannsvegen, eller Dalevegen som han også er kalla, på vestsida av Otra. Det var her setesdølane som oftast la vegen når dei skulle til byen, før det kom køyreveg for hest og vogn.

«Rett ved sjøkanten»

Men dei for av og til vegen på austsida gjennom Iveland òg. «Ja, her he Bjørgu Uppstad rugga mang ei gong», er det herma etter ein gamal mann i kultursoga for Iveland (Aslak Fjermedal, bind III, 1969, s. 289).

Ei anna historie frå den same kultursoga er at når setesdølane kom til Rossås i Iveland, sa dei: «Ja di have det godt som bur so nere sjøkanten». Då var det nok framleis fem mils veg til byen…

Les også: Åmdalskleiva på den gamle Fjellmannsvegen

Byvegen Li–Vardeheia

Eg vil ikkje ta for meg heile strekninga Evje–Kristiansand her. Vegen er eit spennande kulturminne, som eg vil skrive litt om i fleire mindre stykke.

Vegen kom nordover frå Iveland over Kloppeheia og inn i Evje. Han passerte litt aust for den i dag fråflytta garden Nedre Li og kom fram til Øvre Li. Den garden ligg like ved fylkesvegen mellom Evje og Iveland, heilt aust i Evje, og er lett å finne. Frå tunet på Øvre Li gjekk han over Vardeheia og forbi Ligruva. Derfrå heldt han fram til Lauvland og ned Urdalen til Bjorå.

Bileta her syner bare nokre hundre meter av vegen frå den dyrka marka på Øvre Li i retning Vardeheia. På dette strekket er vegen lett å finne og følge. På karta nedanfor kan du sjå om lag kor han gjekk.

Kart over området

Vegen gjennom Evje innteikna på kart på Kulturminnesok.no

Klikk på bileta for å endre storleik

Fleire kulturminne

Huldreheimen – Bykle
I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå
Postvegen – Nesetsvingen sør
Postvegen – Evje og Hornnes
Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Haslebakken – Ose
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Hanehaug – Bygland
Birkåsen – Hornnes

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.