Lauvdalsodden med gravrøys, og utsyn sørover mot gravrøysa på Nånesodden. Foto: Geir Daasvatn

Lauvdalsodden – Bygland

Lauvdalsodden er eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden vest for busetnaden på Lauvdal i Bygland, der fjorden eit lite stykke gjer ein sving mot vest. På odden ligg det eit heilt felt med gravrøyser.

Fem av haugane er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er om lag 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge segna skal den svære røysa ha blitt bygd som vern mot Olav den Heilage

Gravrøysene på Lauvdalsodden er i den typen gravrøyser som kallast åsrøyser. Karakteristisk for dei er byggemateriale av stein og plassering på bart fjell. I alt er det 15 slike rundt fjorden. På same måten som bonden vart gravlagd nær garden, kan røysene vere gravplassen til menneske som hadde erverv knytta til vatn, det vere seg fiske, fangst eller ferdsle.

Stykket held fram under biletet

Stor gravrøys på Lauvdalsodden. Foto.
Den imponerande langrøysa. Foto: Geir Daasvatn

Ei av røysene, den på Nånesodden, er nærare undersøkt av fagfolk. Her fann dei (2012) ein bronsepinsett frå yngre bronsealder (1100–500 f.Kr.). Dei andre røysene veit ein ikkje sikkert alderen på. Men fagfolk har meint at slike røyser ofte kan vere frå bronsealderen. Etter funnet på Nånesodden kan ein kanskje rekne med at fleire av dei andre røysene rundt fjorden også er frå denne tida.

Rindeberg

Rindeberg er ei bukt lengst vest på Lauvdalsodden der det ligg ei øy i innlaupet. Denne staden er det også knytta segn om Olav den Heilage til.

Det finn ein ut om ein les i Gamalt or Sætesdal der Johannes Skar fortel om ei segn som også er knytta til både Melejuvet og Kong Hane på Bygland:

Eingång kåm ‘an vestati sigglandi ti Bygland. Melejuv e farvegjen ‘ass. De gjekk i eit renni ne liann’ å tvert ive fjoren, luks ‘ni fjøddi å utte i ‘n bugji. Dei kadde den bugjen Sant-Olavs sving.

Dette var om då Heilag-Olav hadde fått kristna åsdølane. Etterpå sigla han over heia med skipet sitt, Ormen Lange, men båten kom noko lågt ned slik at kjølen skar ut Melejuvet. Børa var så god at dei brasa innom landet på austsida og skar ut ei øy der innan dei fôr vidare mot Bygland, og opp til Kong Hane. Spora etter hendinga kan ein ennå sjå 1000 år etterpå.

Avsnittet om Rindeberg er saksa frå den fine artikkelen på Setesdalswiki, skrive av Reidar Tveito

Stykket held fram under biletet

Rindeberg. Landskapsbilde. Foto.
Rindeberg 20. april 2019. Me ser heilt tydeleg korleis skipet til Heilag-Olav har svinga seg gjennom landskapet! Foto: Geir Daasvatn

Johannes Skar kalla bukta for Sant-Olavs sving. Men nå heiter staden Rindeberg. Innafor bukta er det litt engmark med ein eldre låve like ved. Dette er ein populær stad for folk på Lauvdal.

Innan synsvidde ligg gravrøysa på Nånesodden.

Ja, Lauvdalsodden med forhistorisk sus over seg er sanneleg verdt eit besøk!

Kart over Lauvdalsodden

Kjelder

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean