Storrvollhuset 11. november 2016. Foto: Geir Daasvatn

Storrvollhuset – Frøysnes

Storrvollhuset er eit gamalt bustadhus på gardsbruket Storrvollen på Frøysnes i Bygland. Huset er stort og raudmåla, og lett kjenneleg på nedsida av Riksveg 9, omtrent midt i grenda.

I si tid skal det ha vore det største bustadhuset i Bygland.

Historie

Det er ulike opplysningar om huset. Noverande eigar Torbjørn Frøysnes har høyrt at halve huset kom frå Lauvdal ei gong kring 1810-1815. Ei anna historie er at huset frå først av var kommandantbustad for militærforlegninga i Råbyggelaget på Bygland. Då kommandantstillinga blei lagt ned, vart huset selt og flytta opp til Storrvollen i 1830-åra. Huset er i tilfelle reist rundt 1834. I Norges Bebyggelse heiter det at bygget er sett opp i 1824. Etter bygdetradisjonen var det Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar») som sette det opp.

Johannes Skar

Huset har hatt mange funksjonar opp gjennom åra. Johannes Skar kom til Frøysnes i 1874, og var her i lange periodar fram til 1902. Han budde i ei svær stoge i 2. etasje. På loftet hadde han blekkslagarverkstad. I 1. etasje, i det sør-vestre hjørnet, var det skulestoge fram til Frøysnes skule var ferdig bygd i 1921. Gunnulv Tarkjellson Frøysnes dreiv landhandel frå huset ei lita stund rundt 1869. Ein seinare eigar, Olav Torbjørnson Sandnes hadde også landhandel her, frå 1879 til 1902. Sonen, Torbjørn Olavson Frøysnes, tok over landhandelen etter faren og dreiv handel til 1908. Frå 1904 til 1911 var det brevhus på garden.

Arrest

Storrvollen hadde arrestlokale, i eit rom mot sør-vest i 2. etasje. Det var gitter for vindauga. Lensmannen, Lars Liestøl, budde rett i nærleiken, i Nordigard

I alle høve kan det ikkje ha vore mange fangar som har sete i arresten på Storrvollen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Ei tid var det turiststasjon i huset. 1902 var det siste året.

Kjelder

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva
Åraksbø kraftverk
Nyestog – Rygnestadtunet
Gravfeltet på Moi – Bygland
Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean