Den første køyrevegen ned til Moen ved starten av Byklestigen kom rundt 1879.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 nådde vegen endeleg fram til Bykle kyrkje.
Stykket held fram under biletet
Ferdig 1879
Samstundes, eller kanskje helst litt før, var han bygd ferdig ned til Moen. Vegen kom då fra Trydal, forbi Hestevelt, over der Riksveg 9 går i dag (nord for busshaldeplassen) og ned til Kroni. Frå Kroni ned til Moen – stykket eg taler om her – går han i ein slak bakke på sørsida av Motjønni.
Vegen var i bruk til ca. 1940. Då kom den vegen me køyrer ned til Moen på idag.
Gamlevegen er lett å følge. Han munnar ut i den nyare Movegen nokre meter vest for det gamle sagbruket ved Motjønni. Så finn me han att i ei steinhellebru rett før husa i Moen. Brua er så flott at eg lyt lage eit eige stykke om ho.
Kart over området (raud stipla linje er gamlevegen)
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 178–180 og kart nr. 27 bak i boka
- Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, s. 198–201
- Artikkelen om gamle setesdalsvegen Kroni–Moen på Kulturminnesok.no