Nokre av dei vakre, gamle bygningane i Gjerden. Foto: Geir Daasvatn

Gjerden – Bykle

Gjerden er ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda i Bykle. Han er ein av dei tre gamle gardane der. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Dei gamle bygningane i garden er særs godt tekne vare på.

Det er tre hovudbruk; Attistog, Nordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå garden og blitt nytta til byggegrunn.

Trygve Gjerden eig dei to bruka Nordstog og Der inne. Saman med kona Torbjørg har han restaurert dei gamle bygningane på bruka. For dette arbeidet har dei to fått Aust-Agder fylke sin bygningsvernpris for 2011.

Bygdetunet Huldreheimen ligg i lia rett ovanfor. Gjerden er i privat eige, og ikkje open for publikum. Men du kan beundre dei vakre bygningane på veg oppover til Huldreheimen.

Kjelder

Gamalt våningshus og loft, 20. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Flåt nikkelgruve
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
Bygdeborga på Slottbakkfjell
«Tyskarvegen» på Langeid
Nomelandshaugen
Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø
Bygland brygge
Nordstog Dale-loftet
Postvegen – Bakken
Auvervassåi gamle bru – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.