Bykle gamle bru

Den gamle brua over Sveigefossen i Otra, sør-vest for Bykle kyrkjebygd, var i bruk frå 1879 til 1940, då norske motstandsfolk sprengte brua.

Ei norsk hæravdeling låg i Vinjesvingen i Telemark, og ytte motstand mot den tyske framrykninga lenge etter at avdelingane i Setesdal hadde lagt ned våpena. Dei sprengte då Byklebrua og Berdalsbrua lenger nord, for å hindre åtak bakfrå. Telefonlinjene blei også øydelagte.

– Byklebrua var gamal og skral, så det var ingen skade skjedd om ho vart sprengd, heiter det i Bykle kultursoge.

Ein kan framleis sjå brukara på kvar side av elva.

Tyskerane bygde ganske raskt ei ny, provisorisk bru så dei kunne kome over elva med bilar og utstyr. Det var omrent der Bykle bru på Riksveg 9 er i dag. Ikkje så lenge etter sette tyskerane igang arbeid med å bygge skikkeleg bru av runde stokkar. Denne brua var i bruk til 1960. Då kom den nye Bykle bru.

Korleis finn du plassen

Rett før du kjem til dagens bru over Otra på Riksveg 9, sør for Bykle kyrkjebygd, er det ei gamal sløyfe av riksvegen som du kan svinge inn på. Der kan du temmeleg enkelt finne gamlevegen (stipla, raud linje på kartet nedanfor) som fører fram til dei gamle brukara.

Kart

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Futevegen – Klevelandskleiva
Riksveg 400 – Skomemoen
Frutti Frøyrak si grav
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Flatelandsmoen – Gjøvdal
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Ekra gravfelt – Eikjåknodden