På gardsbruket Systog i Trydal i Bykle står eit gamalt loft med årstalsinnskrifta 1528.
Etter tradisjonen skal loftet vere sett opp av dei same tømrarane som bygde Rygnestadloftet for Vond-Åsmund Rygnestad. Om loftet i Trydal er oppført rundt 1528, stemmer det ikkje særleg godt med byggeåret for Rygnestadloftet. Det er truleg oppført mykje seinare, kanskje rundt 1590.
Loftet er oppført i to etasjar, med svært grovt tømmer. «Per nå har loftet svalgang på 3 av 4 sider. Det er fleire originale delar i svala, medan tiljene er skifta ut med nyare bord. Bygget har sannsynlegvis stått inntil eit våningshus lenger nede på jordet mot vest», heiter det i omtalen på Kulturminnesok.no.
Loftet er altså flytta fleire gonger. Det kan ein sjå på gamle bilete.
Årstalsinnskrifta 1528 er ikkje ei «offisiell» tidfesting av byggeåret. Tidfestinga på Kulturminnesok.no er 1500-talet. Det er under alle omstende ein svært gamal bygning, sjølv i Setesdal som har så mange særmerkte gamle trebygningar.
Delar av våningshuset i Systog kan også vere særs gamalt.
Heimelshavarar til eigedomen er Petra Marie G. Trydal og Sigmund Alfson Trydal.
Kjelder
- Artikkelen om gardstunet i Systog på Kulturinnesok.no
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band V, utgjeve av Bykle kommune, 2006, s. 190
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk