Hanehaug 2. april 2015. Foto: Geir Daasvatn

Hanehaug – Bygland

Hanehaug er ein stor gravhaug og midtpunktet i eit svært fornminneområde med gravfunn frå steinalder, jernalder, bronsealder, folkevandringstid og vikingtid på Nese i Bygland.

Haugen er 16 meter i diameter, og han er to meter høg. Området ligg rett ved Riksveg 9, nokre hundre meter etter at du har passert Bygland sentrum på veg nordover. Staden er godt skilta.

Kong Hane

Kong Hane skal ha levd på 1000-talet, og rådde over heile Bygland. Han var ein rik og mektig mann, som eigde mange hestar og mykje fe. Men han var fredsæl, og gjorde ingen urett. Han dyrka garden sin godt, og oppmoda bygdefolket til å gjere det same. Det var gode år i Bygland.

Segna seier at Olav den Heilage kom på kristningsferd til Setesdal. Kong Hane samla då ein hær frå alle bygdene omkring for å slost mot kongen.

Slaget skal ha stått ved Ellingstjønn, nord for Bygland. Kong Hane fall, og vart gravlagd i Hanehaug. Den heilage kvite trollkua hans, Audhumbla, vart gravlagd i ein haug ved sida, kalla Kjyrehaug.

Kjelder

Meir om Heilag-Olav i Bygland

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Systog Trydal-loftet
Setesdalsbanen – Homevassevja
Postvegen – Lauvdalsodden
Evje kyrkje
Nomelandshaugen
Skjevrak brygge – Bygland
Nautedalsåni bru – Riksveg 400
Flåt nikkelgruve
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Husmannsplassen Hagen
Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral
Minne kultursenter – Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.