Kvålsnapen 5. juni 2019. Nese-gardane i framgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Kvålsnapen – nydeleg utsikt!

Kvålsnapen er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum.

Fjellet er eit populært turmål for byglendingane. Fos oss andre som ikkje er like godt kjent, er toppen ein fin stad for å få eit overblikk og sjå oss litt rundt i Byglandsbygda. Når værforholda er dei rette, er det nydeleg utsyn ut over Byglandsfjorden her.

Om utgangspunktet er Evje, kan du på turen oppover dalen stanse til dømes ved Landeeikamiddelalderslottet på LongerakFånekleivahusmannsplassen Hagen på Lauvdal og Bygland museum. På heimturen vil du kanskje stikke innom kulturkafeen Stoga for ein kaffikopp og ein triveleg prat med «turistsjefen» i Bygland, Olav Grendstad.

Om du kjem nordfrå, er det endå fleire spennande ting å sjå og oppleve langs vegen. Eg kan ikkje ta med alt som finst. Men ein kikk på den vakre Reiårsfossen og middag på Ose Turistheim etter gåturen opp på Kvålsnapen kunne kanskje vere noko?

Du kan verkeleg ha ein fin og opplevelsesrik dag. Ja, du kan gjere dette til den reinaste kulturreisa!

Korleis kjem du hit

Bygland og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen. Foto.
Bygland kyrkjebygd og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen 26. mars 2020. T.h. ligg garden Nese. Foto: Geir Daasvatn

Frå Evje køyrer du nordover på Riksveg 9 til Bygland sentrum. Det er ein om lag 36 km lang tur i det nydelege landskapet langs Byglandsfjorden. Vel framme i Bygland kyrkjebygd køyrer du omtrent 1,5 km vidare forbi Nese-gardane med dei store gravhaugane rett ved sida av vegen. Ikkje lenge etter svingen ved Nese, ved Kjarberg og altså i god tid før Setesdal Hotell på Nesmoen, tek den merka løypa til Kvålsnapen til.

Her er det parkeringsplass om du kjem med bil, og informasjonstavle med kart som forklarer turen vidare. I grove trekk går du først på ein traktorveg/-slepe gjennom skogen, og eit hogstfelt, og deretter på ein godt synleg skogssti mot toppen. Nokon stadar går du på bare berget. Her kan det nok vere litt glatt i regnvær. Undervegs er det nokre litt bratte parti. Fleire stadar går løypa ut mot kanten av fjellet, slik at du får eit storsått utsyn sørover dalen.

Lengda på turen t/r er rundt 3 km.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Kvålsnapen – nydeleg utsikt!"