Gravrøysa på Gullsand 21. oktober 2016. Foto: Geir Daasvatn

Nesodden gravrøys

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein.

Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som skil austbreidda av fjorden frå vestbreidda her. Midt i sundet ligg Fosskarøya. Nord for sundet ligg Urdviki.

Gravrøysa på odden er låg, og har ein diameter på ca. 7 meter. Ho er bygd av middels og stor rundkamp. Plasseringa er strategisk ved innseglinga til Urdviki mot Storstraumen.

Alderen på røysa er ikkje nærare fastslege. På Kulturminnesøk er han bare grovt sett til bronsealder – jernalder. Men på Nånesodden litt lenger sør i Byglandsfjorden ligg ei røys som er vitskapleg tidfesta til yngre bronsealder. Det går vel ann å tenke seg at andre av gravrøysene rundt Byglandsfjorden då kan vere frå om lag same tida?

På andre sida av fjorden for Nesodden, ved Kotedekkan på Skomedal, ligg det også ei stor røys.

Det er nydeleg å vandre rundt i fred og ro på Gullsand og Nesodden. Om du så bare er på tur gjennom Setesdal, er det ein verkeleg fin plass for ein aldri så liten kvilepause frå bilkøyringa. Kanskje til og med ein liten dukkert?

Kart over Nesodden og Gullsand

Kjelder

Fleire kulturminne

Vassrenna til «Det Sæthersdalske Kobberværk»
Heddessteinen
Loftet på Nomeland Der oppe
Trydalstoga – Kristiansand museum
I fotspora til setesdølane – Reiersdalskleiva i Øvrebø
Flåt nikkelgruve
Gamle setesdalsvegen – Gylii
Riksveg 400 – Skomemoen
Evjemoen som kulturminne
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
Årdal kyrkje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.