Nonåsen 1. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Nonåsen – Trydal

Nonåsen er den karakteristiske, runde kollen på sør-vestsida av Trydalstjønni i Trydal i Bykle.

Aanund Olsnes forklarar i Heimar og folk i Bykle, bind V, s. 119–120, at såleis heiter høgder i landskapet der sola, sett frå ein viss stad, står til nons, altså klokka to.

Men ikkje nok med det! Klokka to står sola i sør-vest. Det må vere forsvarleg å meine at Nonåsen er eit mykje gamalt namn, held Olsnes fram. Dermed er Nonåsen truleg namnsett frå det eldste tunet i bygda.  Han bygger forklaringa si mellom anna på noko Folke Nesland har gjort han merksam på.

Systog-tunet kl. to

Kvar skal ein så stille seg opp for å sjå sola midt over Nonåsen klokka to om ettermiddagen? Då høver det veldig godt å stå i Systog-tunet. Systog Trydal er såleis mest truleg den eldste verestaden i Trydal, og det gamle hovudbølet så lenge garden var udela. Det finst nokre fleire forklaringar også, som kan underbygge at Systog må vere den første verestaden. Men det kan du jo heller lese meir om i Heimar og folk i Bykle sjølv. Heile verket finst i elektronisk form på Lokalhistoriewiki.

Ei fin grend

Eg synest det er så utruleg fint i Trydal, spesielt når eg nokre gonger har vore forbi  ein varm sommarkveld. I tillegg til å beundre det vakre landskapet, har eg nå – etter å ha lese litt i Bykleboka – endå ein god grunn til å svinge innom den vene grenda. Kanskje det går ann å kome opp på toppen av den Nonåsen, og sjå Trydal derfrå? Det ser ikkje så bratt ut.

På gamle prospektkort kan me sjå at bussane stoppa ved Trydalstjønni. Det var nok sikkert for at passasjerane skulle få litt tid til å beundre det storslegne landskapet.

Sving innom, du òg, neste gong du er forbi.

Trydal med Nonåsen til venstre, gardsbruket Der inne i midten og Systog til høgre, 15. august 2022. Foto: Geir Daasvatn
Del "Nonåsen – Trydal"