Linddalen naturreservat – Hornnes

Fargerik haustskog i LInddalen. Foto.

Linddalen naturreservat er en 110 dekar stor vernet edellauvskog i Linddalen, øverst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Skogen er alm- og lindeskog, med innslag av flere andre treslag, og ble fredet som naturreservat i 1977. Det er også en veldig interessant flora i reservatet. Mange skoleklasser i Evje og Hornnes, og gymnasiaster, har nok vært med læreren […]

Kosåna – der mennesker har streifet rundt siden steinalderen

Gunnarsåna ved Bjørndalsvatnet. Foto.

Kosånavassdraget strekker seg fra Egsåvatnet i Åseral, gjennom vestre deler av Hornnes og videre gjennom Bjelland til elva renner ut i Mandalselva ved Foss. Kosåna og naturen rundt byr på mange fine naturopplevelser og rike muligheter for friluftsliv. Vassdraget Fra starten ved utløpet av Egsåvatn er flere vatn inkludert i vassdraget; Gunnarsvatnet og Bjørndalsvatnet i Hornnes, deretter følger Kosvatn, og nedenfor dette […]

Trollfoss – Vegusdal

Trollfoss 28. juni 2017. Landskapsbilde.

Trollfoss i Hovlandsåna forbi Flateland i Vegusdal er ein svær foss på ein litt mystisk plass. Det er ingen lang tur. Men om du er forbi desse traktene, er fossen verkeleg verdt ein avstikkar. Gjennom tusentals år må elva ha grave seg ned i fjellet, og laga det svære og tronge juvet ho renn gjennom her. Når […]

Røyrtveit naturreservat – Evje

Geir foran svær stein og kjempetre i Røyrtveit-skogen. Foto.

Røyrtveit naturreservat, også kalla «Den freda åsen» og «Urskogen», er eit 49 dekar stort freda barskogområde, ein urskog, mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fredingsvedtaket blei gjort så tidleg som 21. juli 1917. Det var det aller første naturområdet som vart freda i Agder, og eitt av dei første i Norge. […]

Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend

Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend. Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg […]

Soga – Kilefjorden

KIlesoga. Foto.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss, i dag meir som eit sund, i Otra ved utlaupet av Kilefjorden, ved Kile i Hægeland i Vennesla. Elva var opphaveleg veldig smal her. Det var som om ho vart «sugd ut» av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vatnspegelen i Gåseflåfjorden heva med 11 meter. Då kom […]

Fossevandring i Setesdal!

Reiårsfossen. Foto.

Det er mange flotte og spennande fossar i Setesdal. Her er fem av dei du kan glede deg med, og ein sjette som du kan sjå minst ein gong i året. Syrtveitsfossen Syrtveitsfossen er i Otra, ved Syrtveit, om lag 6 km nord for Evje. Det er ikkje ein spektakulær høg foss. Fallhøgda er bare 8,5 m. Men […]

Solblomen i Bykle kyrkjebygd

Blomstereng med solblom. Foto.

På gardsbruket Juvet i Bykle kyrkjebygd vekst det ei vakker, lita eng med solblom. Kyrkjebygda, eller Kyrkjebygdi som byklarane nok seier, er ei innhaldsrik grend med eit variert og verdifullt kulturlandskap. Det gjeld både jordbruksareal, lokalhistorie, naturverdiar, kulturminne og biomangfold (Ellen Svalheim, Bioforsk Rapport vol. 4 nr. 75 2009). På biletet øvst i stykket ser […]

Nonåsen – Trydal

Nonåsen, eit lite rundt fjell ved Trydalstjønna. Foto.

Nonåsen er den karakteristiske, runde kollen på sør-vestsida av Trydalstjønni i Trydal i Bykle. Aanund Olsnes forklarar i Heimar og folk i Bykle, bind V, s. 119–120, at såleis heiter høgder i landskapet der sola, sett frå ein viss stad, står til nons, altså klokka to. Men ikkje nok med det! Klokka to står sola […]

Å sjå ei verd i eit sandkorn

Sopp ved Syrtveitbekken. Foto.

Det er ikkje så lett å få auge på ei heil verd i eit sandkorn. Dei fleste av oss, meg inkludert, synest nok det er mykje meir «spektakulært» å gå opp på ein fjelltopp, eller å finne eit anna fint utsiktspunkt, og skue utover det vakre landskapet. Me som er fotografar, eller hobbyfotograf som eg […]

Straumsfjødd

Straumsfjødd, Valle. Foto.

Straumsfjødd, eller Straumsfjellet som det står på mange kart, er eit langt og stupbratt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad i Valle. Du ser fjellet veldig godt, på andre sida av Otra, når du kjem farande på Riksveg 9 forbi Helle. Det strekk seg frå Andenapet, som du ser i bakgrunnen på biletet, […]

Glova på Abusdalheia

Fjellsprekken Glova på Abusdalheia i Hornnes. Foto.

Glova er ein stor sprekk i berget, truleg av tektonisk opphav, på Abusdalheia sør-vest i Hornnes. Ho tek til som ein liten sprekk i fjellet, vidar seg ut etter kvart og er på det største om lag 2–3 meter brei. Me kan følge sprekken kanskje 300 meter bortover i terrenget, før han igjen forsvinn i […]

Kilefjorden

Kilefjorden i Otra. Foto.

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra. Opphaveleg var det mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Hægeland i sør. Seinare er namnet også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i sør til Fennefossen i Evje og Hornes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at fjorden […]