Ein liten sopp ved Syrtveitbekken i Evje. Foto: Geir Daasvatn

Å sjå ei verd i eit sandkorn

Det er ikkje så lett å få auge på ei heil verd i eit sandkorn. Dei fleste av oss, meg inkludert, synest nok det er mykje meir «spektakulært» å gå opp på ein fjelltopp, eller å finne eit anna fint utsiktspunkt, og skue utover det vakre landskapet.

Me som er fotografar, eller hobbyfotograf som eg sjølv reknar meg som, set i tillegg gjerne på eit vidvinkelobjektiv på fotoapparatet for å få med mest mogeleg av det vakre synet som ligg framføre oss.

Mi kjære Rita er kunstnar. Ho kan både måle, teikne , kaligrafere og synge, og mykje meir. Eg er på ingen måte utstyrt med slike kunstneriske talent. På eit tidspunkt i «fotokarriera» mi, etter at eg hadde halde på nokre år, skjønte eg at ho nok meinte utvalet mitt av gode motiv i naturen var noko einsformig. Då fekk eg lyst til å vise henne at eg også kunne klare å speide fram noko vakkert der ute.

Begynte å kikke meg litt rundt!

På tur i skogen med hunden vår Bamse, begynte eg difor å sjå meg rundt etter noko anna fint å ta bilete av enn rennande vatn og vidt landskap. På det viset oppdaga eg plutseleg at naturen rett kring oss er mykje meir spennande og har eit mykje større mangfald enn eg kunne førestille meg. Ein ting eg har funne ut, er at sopp er fantastiske skapningar! Då eg bare hadde skjønt det, blei turane ute i skog og mark i heimbygda mi endå mykje gøyare, og det blei mykje lettare å hive skoa på og kome meg ut.

Stykket held fram under biletet

Ein blåveis i Fånekleiva i Bygland. Foto: Geir Daasvatn

I tillegg til sopp har eg oppdaga blomar, steinar, istappar, morkne trestubbar, rustne sagblad, vanndropar, ja masse, masse rart. Det hadde ikkje streifa tanken min ein gong, at det kunne vere så mange fine motiv i ein heilt vanleg skog. Eg oppdaga plutseleg ei heilt ny verd!

Lat oss hugse å sjå oss litt rundt når me er ute på tur i heimbygdene våre. Då trur eg me kan bli endå gladare i naturen rett rundt oss!

Den engelske diktaren William Blake har skrive så vakkert:

Å sjå ei verd i eit sandkorn
og ein himmel i ein vill blomst,
halde det uendelege i handa
og det evige i ein time.

Det trur eg på!

Ein liten isklump kan òg vere eit stort kunstverk. Foto: Geir Daasvatn
Del "Å sjå ei verd i eit sandkorn"