Reiårsfossen 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Fossevandring i Setesdal!

Det er mange flotte og spennande fossar i Setesdal. Her er fem av dei du kan glede deg med, og ein sjette som du kan sjå minst ein gong i året.

Syrtveitsfossen

Rafting i Syrtveitsfossen. Foto.
Rafting i fossen 22. juni 2020. Foto: Geir Daasvatn

Syrtveitsfossen er i Otra, ved Syrtveit, om lag 6 km nord for Evje. Det er ikkje ein spektakulær høg foss. Fallhøgda er bare 8,5 m. Men når det er mykje vatn i fossen er han eit mektig syn.

Ved fossen er det svære flotningsmurar, som var i bruk i den tida tømmeret frå Setesdal vart frakta ut av dalen på elva.

Rafting i Syrtveitfossen

Dette er ein av dei mest populære attraksjonane på Evje. Rafting har vore hjørnesteinen i verksemda til aktivitetsselskapet TrollAktiv heilt siden 1994. Det er den mest populære aktiviteten. Dei erfarne instruktørane guider deg på ei actionfylt reise nedover elvestryka. Om dette høryrast for tøft ut, finst det også familierafting. Aktiviteten er retta mot alle frå 6 år og oppover, og er ideell for nybyrjarar.

Her kan du lese litt om den fine rasteplassen ved Syrtveitsfossen

Reiårsfossen

Utsikt fra Reirsfossen utover Åraksforden. Foto.
Fabelaktig utsyn utover Åraksfjorden frå opp mot toppen av Reiårsfossen. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen er over 200 m høg, og stupar ned fjellsida rett ved Riksveg 9 like sør for Ose i Bygland.

Segna om Reiår, og korleis Reiårsfossen fekk namnet sitt, er kjend i mange variantar.

Ein variant er at ein av bygdas husmannsgutar, Reiår (gamal skrivemåte for Reidar), hadde forelska seg i ei gardsjente på Ose. For å få henne sette bonden som vilkår at han skulle ri over den øvste delen av fossen tre gonger. Det gjorde han. Men segna fortel at han ville ta ein tur til over fossen til ære for den komande brura si. Det fekk fatale følger, fordi både hesten og Reiår fall ned i fossen og mistet livet.

Ein annen variant er at Reiår hadde drepe ein mann. Han blei dømd til døden. Men om han kunne ri tre gonger over fossen skulle han berge livet. Det klarte han med glans. Men då ville han ri over fossen ei fjerde gong, til ære for kjærasten. Då gjekk det gale, og både Reiår og hesten stupte i døden.

Her kan du lese meir om Reiårsfossen

Heisfossen

Heistadfossen sett frå toppen. Foto.
Heisfossen 9. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland. 

Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er noko regulert. Om lag 44 % av vassføringa i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Men uttaket frå Heisvatn ligg så høgt at Heisfossen aldri blir heilt tørrlagt.

I flaumtider med mykje nedbør og vatn er det stor vassføring i elva, og fossen er like stor som før og eit mektig syn.

Her kan du lese meir om Heisfossen og korleis du finn fram dit

Gloppefossen

Gloppefossen. Foto.
Gloppefossen 20. august 2016. Veiågjuvet der turløypa går ut til høgre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Gloppefossen er i nokre kjelder sagt å vere rundt 280 meter høg, og ein av dei høgaste i Setesdal. Etter mi meining er han den mest spektakulære å sjå til. Landskapet rundt fossen, Veiågjuvet, er heilt spesielt.

Høgda er omdiskutert

Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho «bare» er 120 meter. Høgda på ein foss kjem dessutan ann på korleis me definerer ein «foss». Er det bare det tilnærma loddrette fallet som skal målast, eller heile fossen frå der han fell utfor fjellkanten til botnen av dalen? I Wikipedia si liste over dei høgaste fossane i Norge kan du lese mykje meir om dette. Det loddrette fallet i Gloppefossen er sagt å vere 100 meter. Ut frå mitt kjennskap til fossen, etter to besøk på staden, må den totale høgda frå toppen av fjellet til dalbotnen i alle tilfelle vere mykje meir enn 100 meter. Eg held ein knapp på nærare 280 meter enn 120!

Vassføringa er stor heile sommarhalvåret, så fossen er verd å sjå òg i turkeperiodar. I det heile teke er både fossen og det mektige Veiågjuvet ei stor naturoppleving.

Her kan du lese meir om Gloppefossen og den fine turløypa inn dit.

Rjukanfossen

Rjukanfossen i fjellheimen i Bykle. Foto.

Rjukanfossen er ein svær foss i Skargjesåni rett sør for Fitshyl i Skargjesåni i Bykleheiene i Bykle. Skargjesåni er regulert, så vassføringa i fossen er ofte ikkje så stor. Men om du er heldig og kjem forbi når det er myke vatn, må det vere mektig å sjå dei store vassmengdene velte utfor berget med fjellheimen i bakgrunnen!

Anleggsvegen (sommarvegen) mellom Nordbygdi og Store Urevatn går forbi fossen, så han er lett å kome til og få sjå.

Rjukanfossen på Norgeskart.no

Sarvsfossen

Sarvsfossen er eit digert fossefall i Otra like aust for Bykle kyrkjebygd. Rett ovafor fossen er elva frå 2014 demd opp med den 50 meter høge Dam Sarvsfoss, som er det mest synlege tiltaket i Brokke Nord-utbygginga. Tidlegare reguleringar i Otra har også påvirka vassføringa. Som ein del av Brokke II-utbygginga (1974–1977), blei Sarvsfossen overført i tunnel til Botsvatn. Fossen er derfor normalt nærast tørrlagd. Men før reguleringane var Sarvsfossen rekna som den kanskje største fossen i Otra. Då stupte elva «seg utover gjennom ein trong glip 30 meter beint ned i hølen nedanunder», skriv Knut Gjerden i stykket om Bykle i Norges Bebyggelse (1956).

Ein gong i året, på hausten, stenger dameigar Otra Kraft lukene i Dam Sarvsfoss, slik at dammen fyllast og vatnet renn over damkrona. Slik som på biletet nedanfor. Då vaknar for ei lita stund Sarvsfossen til live igjen, og får tilbake kraften frå stordomstida! Hendinga blir annonsert i god tid, så alle som ønsker kan få det med seg.

Sarvsfossen, Bykle. Foto.
Sarvsfossen 30. september 2017. Foto: Geir Daasvatn
Del "Fossevandring i Setesdal!"