Syrtveit rasteplass 9. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Syrtveit rasteplass – Evje

Rasteplassen ligg i naturskjøne omgjevnadar langsmed Riksveg 9 ved Syrtveitsfossen om lag 6 km nord for Evje.

Syrtveit rasteplass har høg standard og stor kapasitet. Det er bord og benkar å sitte ned ved, og toalett og søppelanlegg. Rasteplassen er også ein grei stoppestad om du har planar om å fiske i elva.

Rett ved rasteplassen ligg altså den svære Syrtveitsfossen. Aktivitetssenteret TrollAktiv brukar fossen mykje til rafting, kanopadling og andre aktivitetar i vatnet. Du kan gå ut på den svære fløytingsmuren og følge aktivitetane på nært hald.

Syrtveit på Norgeskart.no

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell