Sommarkveld på Rakkenes. Foto: Geir Daasvatn

Rakkenes – Byglandsfjorden

Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak.

Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld.

Det er mogeleg å parkere på austsida av Riksveg 9, nær badeplassen. Så er det bare eit par hundre meter og knapt nok det å gå til stranda.

Rakkenes er også ein populær stad å campe for bubilturistar. Det er dessutan ein plass me hobbyfotografar ofte er innom. Her finn me nokre av dei finaste motiva i heile Setesdal, særleg seine sommarkveldar. Ein fjerde god grunn til å besøke Rakkenes, er at det er ein veldig romantisk stad å vere med kjærasten ein varm sommarkveld.

Det er diverre ikkje toalett på staden.

Korleis kjem du hit

Staden ligg langs Riksveg 9, eit par kilometer nord for Grendi, og rundt 17–18 km nord for Evje. Frå Bygland kyrkjebygd følger du Riksveg 9 sørover forbi Lauvdal og Longerak.

Kart over området

Sjå også

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes