Badstua på Honnevje 21. februar 2023. Foto: Geir Daasvatn

SetesdalBox Sauna – Honnevje

På den fantastisk fine rasteplassen langs Riksveg 9 nord for Valle sentrum kan du kombinere ein tur i badstua med ein oppfriskande dukkert i Otra.

Setesdalbox Sauna ligg på Honnevje rasteplass, som er sagt å vere ein av dei aller finaste i Norge. Han ligg rett ved elva, i eit særs naturskjønt område. Om sommaren er det ein mykje brukt badeplass. Nå kan du kombinere ein stopp her, sommar som vinter, med eit herleg opphald i badstua. Om vinteren kan du «kose» deg i isvatnet rett utforbi vindauget, og om sommaren kjøle deg ned, etter å ha sveitta ut i badstua.

Saunaen opna for booking i slutten av januar 2024. Du kan tinge plass via nettsida til SetesdalBox eller ved å skanne QR-koden som du finn mellom anna på veggen på badstua.

SetesdalBox har også tilbod om overnatting i soveboks (minihytte) i Valle.

Du kan lese meir om SetesdalBox på Facebooksida deira.

Rett i nærleiken

Fleire attraksjonar i Setesdal

Visit Setesdal

Badstua ligg i naturskjøne omgjevnader! Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Byglandsfjord stasjon
Stoga – Bygland
Bratt Friluftsliv – Valle
Minne kultursenter – Åseral
Tveitetunet
Mineralparken – en steingal verden!
Neset Camping
Marhyl – Hylestad
Dammane ved Skjerkevatn
Brokke-Suleskarvegen
Kulturpatrulja
Furuly friluftspark – Evje

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.