Honnevje 29. september 2021. Foto: Geir Daasvatn

Honnevje raste- og badeplass

Honnevje raste- og badeplass ligg idyllisk ved Otra, og langs Riksveg 9, om lag 2 km nord for Valle sentrum.

Plassen har moderne toalettanlegg og gode høve for parkering av køyretøy. Det er varierte badeplassar, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Det er laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva. Store steinbord og sitjesteinar er sett opp, til stor glede for dei som stikk innom. Der er flytebrygger, og dei er tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Det er bygd bru over til Kjeøyni. Der er det laga til ein flott frisbeegolfbane.

Det er fantastisk fint å vere her ein «smeigedag» om sommaren. Men det er veldig triveleg med eit stopp også på køyretur i Setesdal til andre tider på året.

Stykket held fram under biletet

Brua over til Kjeøyni. Foto: Geir Daasvatn

Best i Norge?

I 2011 vart Honnevje rasteplass kåra til årets NAF-rasteplass etter forslag av Frøydis Folgerø. I grunngjevinga heiter det: 

En komplett rasteplass med tilgjengelighet som sin store styrke. Rasteplassens størrelse gjør at det er lett å slappe av og trekke seg litt vekk dersom du ønsker det. Plassen er også tilrettelagt for funksjonshemmede. Videre har Honnevje et moderne toalettanlegg, gode rastebord og ikke minst bademuligheter. Å kunne ta seg en dukkert under bilreisen kan være forfriskende både for sjåfør, voksne og barn. Vi anbefaler deg å stoppe i disse idylliske og naturskjønne omgivelsene.

Kjelder

Meir om Honnevje

Sjå også

Meir om Setesdal

Idyll! Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell