Bossvassdammen 5. september 2015. Foto: Geir Daasvatn

Bossvassdammen

Bossvassdammen demmer opp Botsvatn (Bossvatn) i Nordbygdi i Bykle til magasin for Brokke kraftverk.

Botsvatn er ein om lag 14 km lang innsjø. Den inste (vestlege) delen av vatnet vert kalla Botnen. Gardane der er Bratteli, Bratteland og Dysje. Namnet på vatnet skal referere seg til dette.

31 km tunnel til Brokke

Vatnet er regulert mellom 551 og 491 moh., og er inntaksmagasin for Brokke kraftverk i Hylestad i Valle. Frå Botsvatn renn vatnet gjennom ein 31 km lang tunnel til kraftstasjonen. Ved Botsvatn ligg også Holen kraftverk og Skarg kraftstasjon.

Den første konsesjonen til regulering av Botsvatn kom i 1912, og gav løyve til å demme opp vatnet to meter og senke det åtte meter. Utbyggaren valde å gå ned åtte meter, og nytta ikkje løyvet til oppdemming.

Brokke I skulle byggast ut på begynninga av 1960-talet, blei Botsvatn senka nye ni meter.

Bossvassdammen 1976

Dammen i austre enden av Botsvatn som regulerer vatnet i dag vart bygt i 1974–1976 (Brokke II). 25 gardsbruk og andre plassar vart sette under vatn

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Dammen ved Botsvatn 10. november 2022. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell