Vatnedalsdammen 25. juni 2016. Foto: Geir Daasvatn

Vatnedalsdammen

Vatnedalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatnedalsvatnet i Bykle. Han er 120 meter høg, og ein av dei høgaste dammane i Europa.

Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Anlegget (hovuddam og sekundærdam) vart opna 4. oktober 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen.
Vatnedalsvatnet har ein magasinkapasitet på 1 150 mill. m³. Reguleringshøgda er 140 meter. Vatnet vert nytta til energiproduksjon i Holen kraftverk i Nordbygdi.

Rettane til regulering av Vatnedalsvatnet er frå 1912. I dag er heile Vatnedalen neddemt. Den første dammen vart bygt frå 1917 til 1919. I 1943 starta arbeidet med å bygge ein større reguleringsdam. Han var fullført i 1947, og magasinet hadde då ein kapasitet på 142 mill m³.

Turistattraksjon

Vatnedalsdammen er ein stor turistattraksjon. Det er skilt «Dammar» ved Riksveg 9 på Berdalsbru som viser vegen til damanlegget. Det er bare 3–4 minutt å køyre frå riksvegen inn til parkeringsplassen ved dammen.

Sjå også

Kjelde

Meir om Setesdal

Dei to Vatnedalsdammane. Hovuddammen nærast. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell