Den «nye» sandstranda i Furuly friluftspark etter oppgradering i 2022 i samband med utbygging av Fennefoss kraftverk. Foto: Geir Daasvatn

Furuly friluftspark – Evje

Furuly friluftspark er eit stort parkanlegg på Verksmoen nær Evje sentrum, i området rundt Furuly fleirbrukshus.

Evje og Hornnes kommune eig og driv anlegget. Det er ope for alle.

Området har skateanlegg, leikeområde med klatrenett, huske og vippedyr, hinderløype, ei fin badestrand langs Otra, grill ved vasskanten, utescene på ei idyllisk lita øy i elva, sommartoalett og benkar og bord .

Området høver spesielt godt for barnefamiliar, og er sjølvsagt mest attraktivt vår, sommar og haust. Det skal vere tilpassa og tilgjengeleg for alle, inkludert rullestolbrukarar.

Gjennom og rundt parken er det ein fin, gruslagt gangveg. Han er opplyst om kvelden.

Kart over området

Kjelder

Litt av den forseggjorte gangvegen gjennom parkanlegget. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Langevatn – Åseral
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes
Tangen – Bygland
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Mineralparken – en steingal verden!
Vikingvegen – Hovden
Tveitetunet
Evjemoen Forsvarsmuseum
Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden
Kulturpatrulja
Sølvgarden – Rysstad
Honnevje raste- og badeplass

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.