Flatelandsstova i Lislestog. Foto: Geir Daasvatn

Lislestog – Bykle

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd, rett attmed Riksveg 9.

I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar samla av kunstmålaren Morten Henriksen. Han var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, men er plasserte etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.

Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere ho tilgjengeleg for allmenta. Seinare vart det også flytta hit eit nytt tømra hus som var bygt i samband med OL på Lillehammer. Dette er brukt til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er ellers stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.

Geir Daasvatn sine bilete frå Lislestog på Flickr

Korleis kjem du dit

Når du køyrer gjennom Bykle kyrkjebygd på Riksveg 9, ligg Lislestog rett på andre sida av vegen for den gamle kyrkja i Bykle. Museet er ope for publikum i sommarsesongen, i 2023 kvar dag 22. juni–13. august kl. 11–17. Gratis inngang.

Kart

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell