Rekonstruksjon av ein av dei første traséane av Byklestigen. Rekonstruksjonen er truleg noko feil, då det er gjort myke sprenging i jfellet her nede ved elva seinare. Foto: Geir Daasvatn

Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farleg parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle. I dag går Riksveg 9 i tunnel på denne staden.

Byklestigen var ei bratt kleiv med rekkverk på begge sider. Vegen var så bratt at ein ikkje kunne ri og heller ikkje ha kløv på hesten utan at det var folk til å hjelpe. Om vinteren var det spesielt vanskeleg når det frå fjellet seig vatn som fraus til is.

Seks «generasjonar» med veg

Ein kjenner til at det har vore heile seks «generasjonar» med framkomstveg ved dette vanskelege partiet, der det før 1770 var det mest uråd å kome forbi med hest. Det var først etter 1879 at det vart mogeleg å fare med hest og vogn, og då etter ein veg nede langs elva.

I 1975 utførte Statens vegvesen ei restaurering av den delen som hadde vore i bruk frå 1840-talet og fram til ein fekk køyreveg nede ved elva i 1879. Her gjorde Aust-Agder vegvesen eit grundig arbeid, og brukte mellom anna trenaglar i staden for spiker ved samanføying av tømmeret. Vegsjef Johannes B. Irgens var spesielt opptatt av å få restaurert Byklestigen. Tor Trydal og Knut Bjørnarå frå Bykle utførte sjølve arbeidet. Det skulle vere 71 trinn til toppen i sørenden i 1975.

Stykket held fram under biletet

Frå traseen som var i bruk frå 1840-talet fram til køyrevegen kom nede ved elva i 1879. Foto: Geir Daasvatn

Sidan 1975 har vegen lengst sør igjen blitt utbetra, men er ikkje lenger så synleg på grunn av vegetasjon i området.

Den gamle bilvegen langs elva er nå stengt for trafikk, og ein endå eldre variant av Byklestigen vart sett i stand her i 1992.

Geir Daasvatn sine bilete frå Byklestigen på Flickr

Kjelder

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell