Brokke-Suleskarvegen ved Roskreppfjorden. Foto: Geir Daasvatn

Brokke-Suleskarvegen

Brokke-Suleskarvegen er den 42 km lange vinterstengte vegen som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal.

Vegen vart opna i 1990, og er normalt open frå 20. mai til 1. november kvart år.

Han går gjennom eit spektakulært høgfjellsterreng, med høgaste punkt 1050 meter over havet. Strekninga byd på store opplevingar av mange slag. Men i framste rekke av desse står naturen. Etter vintrar med mykje snø kan brøytekantane på nokre stader gå opp mot ti meter. Ta det med ro, unn deg mange stopp og sjå deg verkeleg godt rundt!

Brokke-Suleskarvegen er den kortaste og raskaste vegen mellom Oslo og Sandnes. Han er rekna som ei av dei beste MC-rutene i Norge.

Sjå også

Meir om Setesdal

Suleskar. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Sosteli jernaldergard – Åseral
Syrtveit rasteplass – Evje
Hornnes jernbanebru
Huldreheimen – Bykle
Heisfossen – Bygland
Langevatn – Åseral
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Flåt nikkelgruve
Høgås skianlegg – Evje
Bratt Friluftsliv – Valle
Reiårsfossen
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.