Skiløparar på Høgås 3. februar 2018. Foto: Geir Daasvatn

Høgås skianlegg – Evje

Høgås skianlegg i Evje og Hornnes vart bygd i 1999. Anlegget har konkurranseløyper frå 250 meter til 15 km.

Ein finn og ei sju kilometer lang lysløype og ei 8,1 kilometer lang handikappløype i anlegget, som Otra IL og grunneigar Trygve Jokelid eig.

Anlegget har i tillegg ein hoppbakke på K20 og ein bakke for skileik. Det er lagt ned vassleidning på 1,4 km som leverer vatn til to mobile snøkanonar.

Vedlikehaldet av løypene i vintersesongen skjer for ein stor del på dugnad. Løypekøyringa er organisert gjennom selskapet Otra Tur og Løypeservice, som Otra IL eig.

Primus motor for utbygginga av anlegget har, utan forkleining for nokon andre, vore Geir Magne Feed.

Om det er lite snø ved kysten, er besøket på Høgås skianlegg opp mot 20.000, men når det er gode snøtilhøve ved kysten, går talet nedover mot 10.000 i løpet av ein sesong.

Korleis kjem du dit

Ved Evje kyrkje, om lag to kilometer nord for Evje sentrum, tek du av frå Riksveg 9 og køyrer austover og oppover på fylkesvegen mot Gautestad. Følg vegen nokre kilometer forbi Flatebygd, til du kjem til skilt som syner vegen til Høgås skianlegg. Det er stor parkeringsplass i anlegget.

Kjelde

Sjå også

Kart over området

Skiløypa ved Folefallet ved Bjorvatnet i Evje 20. januar 2023. Her tek «Folefallrunden» til, ei fleire kilometer lang rundløype lagt til rette for kjelkepiggarar. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell