Sylvartun 6. august 2023. Foto: Geir Daasvatn

Sylvartun

Sylvartun på Nomeland i Hylestad er gjenopna som eit senter for immateriell kulturarv. Her kan du bli med på ei spennande reise inn i folkemusikken.

Sølvsmeden er ikkje lenger på Sylvartun. Men folkemusikken lever, og gjestene vert tekne med på ei kulturhistorisk reise inn i folkemusikken.

Unik kulturskatt

Den berømte felesamlinga. Foto: Geir Daasvatn

Folkemusikkmiljøet i Setesdal er på mange måter unikt med slåttespel på hardingfele og munnharpe, kveding og dans overlevert i ein ubroten tradisjon. Sidan desember 2019 er spel, dans og song (stev og stevjing) i Setesdal oppført på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv.

Musikk og dans har gjennom lang tid vorte formidla gjennom utøvarar på eit svært høgt kunstnarleg nivå. Folkemusikken er eit av varemerka for Setesdal som folk har forventningar til når dei kjem til dalen.

Stykket held fram under biletet

Den unge kvedaren Eldbjørg Trydal Rysstad er mellom dei du kan vere så heldig å få oppleve på Sylvartun om sommaren. Foto: Geir Daasvatn

Revitalisering av Sylvartun

Frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, gjennom fire tiår, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Setesdalsmuseet har sett det som ei oppgåve å legge til rette slik at Sylvartun på ny kan ta imot besøkande. Det er nye utstillinger med fokus på musikkinstrument og synleggjering av musikk- og dansetradisjonar i Setesdal men med stor overføringsverdi til områda rundt. 

I tillegg til å vere ein utstillingsarena, er Sylvartun også eit aktivitetssenter og eit tilbod til barn og unge i heile dalen med tanke på å fremje immateriell kulturarv. Mellom anna som øvingsarena for leikarringen, kulturskulen, mm.

Unn deg ein liten pause uansett!

Om du «bare» er på tur gjennom Setesdal, langs Riksveg 9, og absolutt ikkje kjenner behov for kulturelt påfyll, er dette i alle tilfelle ein ideell stad for ein liten rast i vegkanten.

Opningstider

Sommaren 2024 er Sylvartun ope kvar dag 24. juni–11. august kl. 11–17.

Kjelder

Les også

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping