Jarebu 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Jarebu – Bykle

Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho ligg på Jarekollen med eit fantastisk utsyn utover fjellheimen i Bykle.

Hytta blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune er eigar. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg.

Bygget er varma opp innvendig, og har eit lite bibliotek. Når me plussar på med den enorme utsikten, og ein etter måten kort tur opp, er det rett og slett ein kremplass av eit turmål! Eg vil tru at Jarebu har potensiale i seg til å bli eitt av dei store turmåla i Setesdal.

Samarbeid

Hytta er del av eit større samarbeidsprosjekt, Dagsturhytta Agder, der Agder fylkeskommune, Sparebankstiftelsen SR-bank, kommunane i Agder og frivilligheita er med. Spelemidlar frå Norsk Tipping er òg ein del av finansieringa.

Stykket held fram under biletet

Hytta er varm og god, og med ein fenomenal utsikt også innanfrå! Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Det går merka turstig opp til Jarebu med start frå Bykle ljosløype. Starten på ljosløypa finn du ganske rett bak Bykle alders- og sjukeheim i Øvre Sarv. Du følger løypa oppover i rundt 500 meter, til Bykle vassverk. Derfrå går du vidare ca. 100 meter. Der tek stigen opp til Jarekollen til. Staden er tydeleg merka med skilt. Heile løypa er veldig bra merka med oransje farge på steinar og tre.

Det er jamn stigning i starten, på fin skogbotn med nokre flatare myrparti, dei første 750 meter i terrenget. Det kan vere litt blautt enkelte stader, så du bør ha gode joggesko eller fjellsko. Ved «vegkrysset» Stigen startar ei brattare oppstigning til sjølve toppen. Dette strekket er 400–450 meter. Det er nydeleg utsikt opp mot Stavenes og mot Kyrkjebygda fleire stader her.

Frå der du forlet ljosløypa til toppen er det altså rundt 1,2 km. Om du reknar frå starten av ljosløypa nede ved alders- og sjukeheimen blir turen rundt 1,8 km. Så er det like langt tilbake, men då i mykje lettare nedoverbakke.

Stykket held fram under biletet

Bykle kyrkjebygd og Stavenes sett frå turløypa opp mot Jarekollen 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Alternative ruter

Løypa eg har skildra her er den tilrådde. Det finst i tillegg to alternative ruter opp til toppen. Dei tek også til frå ljosløypa. Den eine stigen byrjar ved Kileleitet og den andre frå Finnflaten. Eg har ikkje prøvd dei ut. Det er oppslag og skilt langs ljosløypa som forklarer desse alternativa nærare. Dei finnast også på Ut.no.

God tur!

Kart over området. Du ser ljosløypa som stipla gul/raud linje

Rett i nærleiken

Bykle kyrkjebygd er verkeleg verdt eit besøk! Her er noko av det du kan oppleve når du først har strevd deg heilt opp til toppen av Jarekollen:

Du vil kanskje også lese

Meir om Setesdal

Fleire attraksjonar

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose