Den vakre blomsterenga i Juvet i juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Solblomen i Bykle kyrkjebygd

På gardsbruket Juvet i Bykle kyrkjebygd vekst det ei vakker, lita eng med solblom.

Kyrkjebygda, eller Kyrkjebygdi som byklarane nok seier, er ei innhaldsrik grend med eit variert og verdifullt kulturlandskap. Det gjeld både jordbruksareal, lokalhistorie, naturverdiar, kulturminne og biomangfold (Ellen Svalheim, Bioforsk Rapport vol. 4 nr. 75 2009).

På biletet øvst i stykket ser me ei solblomeng på gardsbruket Juvet nær ved Bykle gamle kyrkje. Solblomen veks frå Møre og Romsdal og sørover, og er stadig meir sjeldan. Han er oppført på den norske raudlista som sårbar, og er såleis ein trua art.

Men i Juvet har altså Tor Mosdøl og seinare sonen Tor Hallvard Mosdøl klart å ta vare på ei lita eng med denne sjeldne planten.

Solblom, arnica montana, i Juvet 29. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn
Del "Solblomen i Bykle kyrkjebygd"