Gloppefossen 20. august 2016. Veiågjuvet der turløypa går ut til høgre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen er ein rundt 280 meter høg foss i Valle kommune. Han er ein av dei høgaste fossane i Setesdal.

Nå skal det i rettferdas namn seiast at høgda på fossen er mykje diskutert. I nokre kjelder er ho sagt å vere 230 meter, i andre 280 meter. Atter andre meiner høgda er sterkt overdriven, og at ho «bare» er 120 meter. Høgda på ein foss kjem dessutan ann på korleis me definerer ein «foss». Er det bare det tilnærma loddrette fallet som skal målast, eller heile fossen frå der han fell utfor fjellkanten til botnen av dalen? I Wikipedia si liste over dei høgaste fossane i Norge kan du lese mykje meir om dette.

Fossen er ein del av Veiåni, som kjem frå Husebøvatnet. Vassføringa er stor i fossen heile sommarhalvåret, så fossen er verd å sjå òg i turkeperiodar. I det heile teke er både fossen og det mektige Veiågjuvet ei stor naturoppleving.

Lite vatn, men mektig fall! Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Du kan parkere på ein liten parkeringsplass like ved Riksveg 9 rett nord for Lunden camping. Frå parkeringsplassen er det merka tursti inn Veiågjuvet til fossen.

Første delen av turen går på grusveg, sidan vert det traktorveg. Det er ein flott natur med høge fjell på begge sidene av elva Veiåne. Turen tek om lag to timar. Han er om lag seks km lang t/r.

Du skal krysse Veiåne fleire gonger. Normalt er det ikkje noko problem, då elva ikkje er djup. Ved normale vêrtilhøve høver turen godt for familiar med born. Etter langvarig regnver auker vassføringa i elva kraftig, og du lyt vurdere om kryssing av elva er trygt.

Sommaren 2017 blei det bygd ei lita bru over åna i området ved postkassa. Det har gjort kryssing av elva enklare her. Det førte til at turløypa kunne få endra klassifisering frå raud løype til grøn løype.

Eit alternativ

Du kan også gå inn til toppen av fossen den korte avstanden frå Fylkesveg 450 ved Bakkebui (sjå stipla linje på kartet). Det tek bare fem minutt eller noko slikt.

Gloppefossen på Norgeskart.no

Sjå også

Meir om Setesdal

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Fleire attraksjonar

SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose
Bykle Hotell