Tangen i haustsol. Foto: Geir Daasvatn

Tangen – Bygland

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd.

På Tangen er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Våren 2024 (frå ca. 17. mai) kom også Prestneset Bobilcamp på plass, med rundt 12 oppstillingsplassar.

Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den vedfyrte dampbåten Bjoren legg ikkje så sjeldan til ved brygga rett ved.

På Prestneset ligg også Bygland museum, Stoga kulturkafe med Turistinformasjonen i Bygland, Bygland frivilligsentral, BUA Bygland og utestaden Bjoren Brygge.

Tangen er rett og slett eit eldorado om sommaren!

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Prestneset med Tangen friluftsområde. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Heisfossen – Bygland
Marhyl – Hylestad
Vikingvegen – Hovden
Minne kultursenter – Åseral
Ose Turistheim
Rakkenes – Byglandsfjorden
Fjellestad/Tveit skiløyper – Hornnes
Honnevje raste- og badeplass
Odden Hage – vakkert hageanlegg på Evje
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
Tveitetunet
Lislestog – Bykle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.