Iveland og Vegusdal bygdemuseum 8. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg litt inne i skogen, på garden Fjermedal, like nord for Vatnestrøm i Iveland. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal.

Museet er no stengt for sesongen. Men det er veldig fint å vandre rundt mellom dei gamle bygningane!

Du kan sjå bustadhus, årestoge, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet. Opphaveleg var museet eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. Fem år etter at han døydde i 1969, gav familien museet og ei 10 mål stor tomt til Iveland og Vegusdal museumslag, som no eig anlegget. Museet er organisert som ei avdeling under Setesdalsmuseet.

Stykket held fram under biletet

Årestoge frå Vetrhus. Foto: Geir Daasvatn

Kvart år i august skipar museumslaget til stemne på museumstunet.

I området er det funne mange stokkebåtar. Ei av utstillingane i hovudbygget tek utgangspunkt i dette, og syner samfunnet i jernalder og vikingtid. Her er det både informasjon om samfunnet generelt, om kvinnene sin situasjon og om gravskikkar i denne tida. Andre utstillingar kan ha fokus på drakt og klede eller på generell bygdekultur.

Avdeling på Birketveit

Museet har også ei avdeling i kommunehuset på Birketveit der det er ei praktfull geologiutstilling basert på dei rike mineralforekomstane i Iveland. I denne avdelinga er det og utstilling om okkupasjonshistoria og om ivelandsdrakta.

Fjermedalen fornminnefelt

Langs vegen rett før du kjem til Nedre Fjermedal og museet ligg Fjermedalen fornminnefelt. Her er det eit gravfelt med minst 11 gravhaugar. Det er også spor etter gamle ferdselsvegar og militær aktivitet i området. Det er informasjonstavle på staden som fortel meir. Ta deg tid til ein stopp på denne spennande staden  også!

Korleis finn du fram

Frå Evje kan du køyre Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) til Galteland. Ta av og køyr Fylkesveg 3772 mot Iveland. Ved Frikstad følger du Fylkesveg 3766 mot Engesland. Frå Engesland skal du sørover på Fylkesveg 405 mot Vatnestrøm og Vennesla. Ved Haugland, eit lite stykke nord for Vatnestrøm, skal du svinge inn på Fjermedalsveien. Du følger han nordover til Nedre Fjermedal. Der står det skilt som syner det vesle stykket fram til museet.

Ei alternativ rute er å køyre sørover på Riksveg 9 til Kilefjorden. Der tek du over Ivelandsbrua og følger Fylkesveg 403 først til Birketveit og så sørover mot Vennesla. Ved Ivedal tek du Fylkesveg 3768 (Eielandsveien) mot Vatnestrøm. Vel framme på Vatnestrøm svingar du nordover mot Engesland og Vegusdal. Etter om lag 3 km kjem du til avkøyrsla til Fjermedal, slik skildra ovanfor.

Ellers er indre Agder full av mindre bygdevegar som det kan vere utruleg fint å «cruise» rundt på og stadig sjå noko nytt. Det er bare å ta ein kikk på kartet her, så finn du mange andre fine alternativ for å kome deg til Fjermedal. Ta med ei lita matpakke eller ein bollepose, ein termos med kaffi, og god tid, så er du veldig nære ein draumedag her!

Geir Daasvatn sine bilete frå museet på Flickr

Kart over området 

Kjelder

Fleire attraksjonar

Vikingvegen – Hovden
Kvennevassdammen – Ljosland
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping