Det er veldig stas for meg å endeleg ha fått laga ferdig denne biletserien! Foto: Rita Flottorp

Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend

Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend.

Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg treng å selge nokre bøker og hefte først, i den lille verksemda mi, før eg er klar til å gå vidare med neste utgjeving.

Men nå er eg i gang igjen! Av trykketekniske grunnar har eg fordelt Otra gjennom Bygland på tre hefte:

Hefte 1 og 2 er dei to bøkene om Otra i Evje og Hornnes.

Hefta er i hendig A-5-format. I dei tre Bygland-hefta tilsaman er det rundt 280 sider.

Seinare håpar eg å kome vidare med Otra-hefte frå Valle og Bykle, og til sist kanskje Otra gjennom Iveland, Vennesla og Kristiansand.

Innlegget held fram under biletet

Ein blikkstille Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese i Bygland i mars 2020. Foto.
Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese 26. mars 2020. Det er eitt av bileta som er med i hefta. Foto: Geir Daasvatn

Otra i Bygland

Gjennom Bygland er det dei to store innsjøane Åraksfjorden og Byglandsfjorden som dominerer Otravassdraget. Størstedelen av bileta mine skildrar difor landskapet rundt dei. Eg har ikkje sett meg føre å skrive heile historia til elva, eller syne fram absolutt alt som finst. Siktemålet mitt er «bare» å syne fram – i bilete – nokre av dei dine stadane eg har sett langs elvelaupet.

Glad i Otra

Eg er blitt glad i Setesdal gjennom dei mange fototurane mine oppover og nedover i dalen. På same viset kjenner eg meg meir og meir knytta til Otra, og alt det elva betyr for meg og for livet i Setesdal i det heile. Det må vel vere rett å seie at ho er livsnerva vår , på mange vis. Eg er i alle høve blitt veldig glad i Otra, og takksam for at eg kan leve livet mitt nær henne.

Målet mitt med Otra-hefta er at me sjølve og gjerne fleire med skal bli endå meir merksame på den utømelege kjelda til glede, trivsel og gode opplevingar det unike fjordlandskapet i Bygland er.

Annonse
Del "Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend"