Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend

Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend. Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg […]

Endeleg Otra-hefte gjennom Bygland!

Bilde av framsida av boka. Storstraumen bru. Foto: Geir Daasvatn

Nå har eg levert hefte nr. 1 om Otra gjennom Bygland til trykking. Det går frå Langeid til Storstraumen. Om få dagar leverer eg nr. 2, Urdviki til Longerak, og nr. 3, Dale til Vassend også. Kvart hefte er på ca 100 s. Formatet er A-5. Prisen er 125 kr/stk evt. 300 kr for alle […]

Soga – Kilefjorden

KIlesoga. Foto.

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss, i dag meir som eit sund, i Otra ved utlaupet av Kilefjorden, ved Kile i Hægeland i Vennesla. Elva var opphaveleg veldig smal her. Det var som om ho vart «sugd ut» av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vatnspegelen i Gåseflåfjorden heva med 11 meter. Då kom […]

Kilefjorden

Kilefjorden i Otra. Foto.

Kilefjorden er namnet på ei strekning av Otra. Opphaveleg var det mellom garden Odderstøl i Iveland i nord og Kile-grenda i Hægeland i sør. Seinare er namnet også mykje brukt om heile strekninga frå Gåseflå i sør til Fennefossen i Evje og Hornes i nord. I daglegtalen vil dei fleste no truleg seie at fjorden […]