Kilesoga 14. juli 2015. Foto: Geir Daasvatn

Soga – Kilefjorden

Soga (Kilesoga) er ein tidlegare foss, i dag meir som eit sund, i Otra ved utlaupet av Kilefjorden, ved Kile i Hægeland i Vennesla.

Elva var opphaveleg veldig smal her. Det var som om ho vart «sugd ut» av Kilefjorden. Ved oppdemminga av Gåseflåfjorden aust for Kilefjorden først på 1950-talet vart vatnspegelen i Gåseflåfjorden heva med 11 meter. Då kom Gåseflåfjorden opp på praktisk talt same høgde som Kilefjorden. Fossen Soga forsvann, og det blei bare att eit lite stryk med opp til ein halv meters skilnad.

I august 2015 senka Agder Energi vasstanden i Gåseflåfjorden med opptil 7,3 meter. Det var for å utføre naudsynt arbeid i samband med utbygginga av Iveland kraftverk 2. Soga kom då til syne att for ein kortare periode. Førre gongen vasstanden var senka slik var i 2002. 

Også i mai/juni 2020 vart vasstanden senka. Denne gongen med inntil 6,3 meter. Grunnen var eit større vedlikehaldsarbeid på inntaket til Iveland kraftstasjon. Soga var på nytt ein foss for ein liten periode.

Saka held fram under biletet

Kilesoga ved nedtappa Gåseflåfjord 4. august 2015. Foto: Geir Daasvatn

Utviding av elvelaupet i Soga?

Sentrale aktørar rundt Breiflå og Kilefjorden er til dømes Mineralparken ved Vegard Hansson og Evje og Hornnes kommune ved ordførar Svein Arne Haugen. Dei har hevda at vasstanden i Kilefjorden – og dermed også Breiflå – stadig ligg over det nivået som manøvreringsreglementet for Otravassdraget tillet.

I eit lesarbrev i Setesdølen 5. april 2023 krev difor Haugen på vegne av kommunen at det blir gjort utbetringar i elvelaupet som gjer at vilkåra i konsesjonen blir ivaretekne. Det mest aktuelle tiltaket i så måte er å sprenge ut og reinske opp elvelaupet i Soga. Ei større mengde vatn kan då strøyme gjennom sundet enn det som skjer i dag. Det går fram av lesarbrevet at det over lengre tid har vore dialog mellom dei aktuelle aktørane for å finne ei god løysing.

Det er Å Energi (tidlegare Agder Energi) som i tilfelle vil stå som ansvarleg for ei slik utbetring av sundet. Ordførar Svein Arne Haugen skriv at Å Energi vil møte NVE i april for å drøfte vidare framdrift. Om tiltaket skal gjennomførast, og i tilfelle når, er såleis framleis uavklart.

Fin plass for ein sykkeltur!

Frå den gamle jernbanestasjonen på Kile kan du sykle på den tidlegare jernbanelina etter Setesdalsbanen ut til Soga. Det er bare nokre hundre meter. Etter at du har sykla over den lange fyllinga, men før du kjem til Soga, er det ein utruleg frodig førekomst av blåveis. Eit turmål i seg sjølv!

Om du er lysten på ein litt lengre tur på sykkelen, kan du halde fram sørover langs Gåseflåfjorden til Gåseflådammen. Det er svært idyllisk langs elva/fjorden her. Heile strekket er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3.

Sjå også

Kilesoga under nedtappinga våren 2020. Foto: Geir Daasvatn

Del "Soga – Kilefjorden"