Framsisa til boka. Foto: Geir Daasvatn

Endeleg Otra-hefte gjennom Bygland!

Nå har eg levert hefte nr. 1 om Otra gjennom Bygland til trykking. Det går frå Langeid til Storstraumen.

Om få dagar leverer eg nr. 2, Urdviki til Longerak, og nr. 3, Dale til Vassend også. Kvart hefte er på ca 100 s. Formatet er A-5. Prisen er 125 kr/stk evt. 300 kr for alle tre om du kjøper dei direkte av meg.

Otra-serien

Hefta er ei fortsetjing av Otra-serien eg begynte på i 2021. Då laga eg to bøker om Otra i Evje og Hornnes. Eg har ikkje hatt økonomi til å gå vidare før nå. Gjennom eit godt samarbeid med Setesdalstrykk på Evje, har eg funne eit format og ein trykkemetode som kan forsvare seg økonomisk.

Eg har prøvd å bruke bilde som ikkje er trykka i dei tidlegare Setesdals-bøkene mine. Det er bare nokre ytterst få unnatak, der det har vore nødvendig for å få hefta slik eg ønsker.

Det magiske landskapet i Bygland

Eg gledar meg veldig til å få hefta tilbake frå Helge og Knut på trykkeriet. Rundt Åraksfjorden og Byglandsfjorden er det eit veldig fint landskap, tykkjer eg. Nokre gonger, gjerne seine og litt stille sommarkveldar, kan det vere heilt magisk. Om eg har klart å få den nydelege naturen godt fram, må dei som ser bøkene avgjere sjølv. For min eigen del meiner eg nok at dette jamt over er dei finaste hefta mine så langt. Eg lærer litt om boktrykking for kvart hefte eg lagar, og dugleiken som fotograf blir sakte men sikkert også litt betre håpar eg. God reklame for naturen i Bygland skal det i alle fall bli 😃

Du kan tinge bøkene hos meg

Du kan tinge bøkene hos meg, Geir, samla eller einskildvis. Eg leverer hefta heim til deg innan rimeleg omkrets frå Hornnes. Ved postsending kjem eit lite tillegg for porto. Dei blir nok også å få kjøpt i bokhandelen på Evje og kanskje nokre andre stader. Eg informerer om det når bøkene er klare for sal.

Du vil kanskje også lese

Annonse
Del "Endeleg Otra-hefte gjennom Bygland!"