Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise kjem i månadsskiftet november/ desember ut med dikt- og biletboka Setesdalsrosa saman. Anne Turid er gift med Øystein Frøysnes, og bur på Frøysnes i Bygland. Ho har skrive dikt i mange år, og legg dei endeleg fram for oss alle så vi kan glede oss over dei. […]
Husmannsplassen Hagen – i bilete

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]
Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend

Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend. Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg […]
Endeleg Otra-hefte gjennom Bygland!

Nå har eg levert hefte nr. 1 om Otra gjennom Bygland til trykking. Det går frå Langeid til Storstraumen. Om få dagar leverer eg nr. 2, Urdviki til Longerak, og nr. 3, Dale til Vassend også. Kvart hefte er på ca 100 s. Formatet er A-5. Prisen er 125 kr/stk evt. 300 kr for alle […]
Ein liten hyllest til Åraksbø

Eg har setta saman eit lite hefte med landskapsbilete frå Åraksbø. Det er min vesle hyllest til denne vakre grenda, der landskapet er så umåteleg fint. Heftet har eg kalla Åraksbø – eit smykke i Setesdal. Det kom til etter eit innfall, ein kveld eg las ein gamal avisartikkel frå 2003 der Åraksbø er omtala […]
Stilfull opning av «Fotoblikket mitt» på Stoga

Det var forventningsfull stemning då «Fotoblikket mitt», bildeutstillinga til Kathe Merete Kjetså, opna på Stoga i Bygland søndag. Kathe er kanskje mest kjend for mange som landskapsfotograf i nedre Setesdal. Ho har si eiga Facebookside, Sørfoto, der ho jamt og trutt legg ut nokre av dei nydelege bilda sine. Men utstillinga på Stoga er med […]
Kathe Merete Kjetså med utstilling av bilete på Stoga

Hobbyfotografen Kathe Merete Kjetså kjem til Stoga i Bygland med salsutstillinga «Fotoblikket mitt». Opninga er søndag 26. mars kl. 12.30. Kathe bur i Krossen i Evje og Hornnes. Ho er kanskje mest kjend for dei mange vakre landskapsbileta sine frå Iveland, Evje og Hornnes og Bygland. Ho har i ei årrekke gleda oss med lokale […]