Anne Turid og Frank Egil er stolte over boka dei har fått i stand i lag. Foto: Privat

Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise kjem i månadsskiftet november/ desember ut med dikt- og biletboka Setesdalsrosa saman.

Anne Turid er gift med Øystein Frøysnes, og bur på Frøysnes i Bygland. Ho har skrive dikt i mange år, og legg dei endeleg fram for oss alle så vi kan glede oss over dei. Nokon få har ho alt delt på Facebook, med svært god mottaking. Ho har alltid hatt ein veldig nærleik til naturen, seier ho, og nostalgien frå farne tider. Ho finn inspirasjon til dikta sine når ho er på heia og støylen som tilhøyrer garden til familien på Frøysnes.

Hobbyfotografen Frank Egil er busett på Reise, langs Riksveg 9, rett sør for Bygland sentrum. Han har med alle dei beste landskapsbileta sine frå Setesdal. Alle kommunane er representerte. Ei hovudtyngde av motiva er frå heimkommunen Bygland. Han er litt ekstra oppteken av vakre vintermotiv.

Stykket held fram under diktet/biletet (som er avtrykk av ei av sidene i boka)

Diktet «Setesdal» er tidlegare publisert på Setesdalssida

Arbeidd med prosjektet i mange år

«Det er nok 5–6 år sidan eg tok kontakt med Anne Turid om me skulle prøve å få til ei bok saman. Så nå er det sanneleg på tide at me får ho ut!», seier Frank Egil.

Me har fått sjå det første prøvetrykket av boka. Her har kjøparane noko å glede seg til! Dei nydelegaste motiv du kan tenke deg frå Setesdal, kombinert med dei varme tekstane til Anne Turid, er verkeleg noko å ta med seg inn i joletida. Som jolegåve må boka vere av det finaste du kan gje i år, om du er litt oppteken av å syne fram lokale ord- og biletskattar.

Ting boka hos Anne Turid eller Frank Egil!

Prisen for boka er 349 kr. Ho kjem for sal rundt 1. desember. Men alt no kan du tinge ho hos Frank Egil eller Anne Turid. Det er ei flott, spennande, ja vakker lokal jolegåve!

Del "Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!"