Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise med boka Setesdalsrosa mellom seg. Foto.

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise kjem i månadsskiftet november/ desember ut med dikt- og biletboka Setesdalsrosa saman. Anne Turid er gift med Øystein Frøysnes, og bur på Frøysnes i Bygland. Ho har skrive dikt i mange år, og legg dei endeleg fram for oss alle så vi kan glede oss over dei. […]

Kriseplan

Av Knut Olav Daasvatn Er det berre meg, eller er krisene blitt fleire? Pandemiar, hyperinflasjon, nabokrigar og gule vestar flagrar som ospelauv i oktoberkuling, og grip no så djupt inn i livet mitt at eg er komen til at det er vorte naudsynt å ha ein plan for påkomande tilfelle Så ved neste globale krise […]

Fisketur – dikt

Blå kveldshimmel. Foto.

Frank Egil Reise bur på Reise i Bygland. Han er veldig glad i Setesdal, og spesielt kanskje austheia i Bygland. Her er han med eit nytt dikt – Fisketur. Mange kjenner til Frank Egil ut frå alle dei vakre landskapsbileta han har delt med oss på Setesdalssida på Facebook og andre stader. Heilt frå oppstarten […]

Alle sorger, alle gleder

Kornåker. Foto.

Knut Olav Daasvatn har skrive dette tenksame diktet. Det er med i den første diktboka hans, Alle sorger, alle gleder, som han kom ut med i 2020. Knut Olav er bror min, og eg var så heldig å få lov til å illustrere boka med nokre av bileta mine. Han har seinare også gitt ut […]

Voilan

Knut Olav Daasvatn er fødd i 1969. Han hadde lenge i livet hatt skrivetrong. Men først i 2007, i godt vaksen alder, skreiv han sitt første dikt. Knut Olav er seniorkonsulent ved Institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen, og utdanna biokjemikar. Han vaks opp i Hornnes, og er son av Arne Daasvatn og Gerd […]

I fjellheimen – eit dikt om furua

Frank Egil Reise bur på Reise i Bygland. Han er veldig glad i Setesdal, og spesielt kanskje austheia i Bygland. Mange kjenner til Frank Egil ut frå alle dei vakre landskapsbileta han har delt med oss på Setesdalssida på Facebook og andre stader. Heilt frå oppstarten i 2015, då sida kom i gang under namnet […]

November – dikt

Vigdis Brattfjord på Byglandsfjord har skrive denne fine skildringa av november-stemninga. Takk til Vigdis for å dele med oss her på Setesdalssida! — November Kven var det som sa at november er grå? Då ser du ikkje Sølvstripa den bere på. På naken grein det skin i raudt mot kvite snø. Kven var det som […]

Setesdal – dikt

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes har skrive dette vakre diktet om Setesdal. Det kan då vere dikt nr. 1 i det eg håpar kan bli ei fast spalte, «Månadens dikt», på Setesdalssida.no. Tusen takk til Anne Turid for at eg har fått lov til å sette diktet på trykk her. Det er også lagt ut på […]