Er det berre meg, eller er krisene blitt fleire? Pandemiar, hyperinflasjon, nabokrigar og gule vestar flagrar som ospelauv i oktoberkuling, og grip no så djupt inn i livet mitt at eg er komen til at det er vorte naudsynt å ha ein plan for påkomande tilfelle
Så ved neste globale krise vil eg gå ut på gata og sparke den første eg ser bak. Mann eller kvinne, det same kan det vere – vi er då opplyste menneske. Så ber eg han eller ho å sende sparket vidare
Slik skipar vi ei lenkje av menneske som sender bakspark i ei bølge kring kloden. Snart har alle fått eit spark bak – funksjonærar og børshaiar frå Sotra til Soho, misjonærar, sveisarar og knarkarar frå Bruvik til Bangalore
Dermed tar funksjonærane til å funksjonere, børshaiane haiar, misjonærane misjonerar, sveisarane sveisar og knarkarane knarkar, rustne drivhjul tar til å snurre, kontinenta tek igjen til å drive, kort sagt – verda går sin gang som før
Og på toppen av det heile er det ikkje lengre nokon som tør vende ryggen til sin neste!