«Mot horisonten sees et maleri». Foto: Frank Egil Reise

Fisketur – dikt

Frank Egil Reise bur på Reise i Bygland. Han er veldig glad i Setesdal, og spesielt kanskje austheia i Bygland. Her er han med eit nytt dikt – Fisketur.

Mange kjenner til Frank Egil ut frå alle dei vakre landskapsbileta han har delt med oss på Setesdalssida på Facebook og andre stader. Heilt frå oppstarten i 2015, då sida kom i gang under namnet Setesdalsnytt, har han vore ein stor bidragsytar med dei fine bileta sine frå dalen.

I tillegg til talentet for fotografering har han òg begynt å syne fram ei lyrisk åre.

For ei tid sidan publiserte me her på Setesdalssida for aller første gong offentleg eitt av dikta hans. Det var eit vakkert dikt om furua i fjellheimen.

Fisketur har Frank Egil kalla dette nye diktet sitt. Me takkar for det fine bidraget til Setesdalssida. Det vakre biletet som høyrer til er det sjølvsagt også han som har teke.

Fisketur

Av Frank Egil Reise

Ved dette lille skogsvann
som i en blåveisdrøm
når lengselen i oss er stor
Denne eviglengtende kjærligheten
til naturen hvor magien skjer
og man kjenner sitt bankende hjerte

Et eventyr i kveldstimen
med store kontraster
Nattevinden hvisker
i myke vinder
over vannoverflaten
med glitterspill
som finslipte diamanter

Mot horisonten sees et maleri
malt i sin blåaktige fargeprakt
med skyer som bomullsdotter
på den skinnende himmelhvelv

Universet det uendelige
kan være så vakkert
en tirsdagskveld
på fisketur

Du vil kanskje også lese:

Del "Fisketur – dikt"