Kallefoss 1 2. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

5000 bilete på Setesdalswiki

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki.

Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når dei i tillegg til teksta har eit bilete.

Minkar og reparerer eldre foto

I tillegg til å legge inn nye bilete, går eg gjennom dei gamle og minkar filene til meir høveleg nettstandard. Eg var diverre ikkje så merksam på at det var lurt dei første åra etter at eg blei med på Setesdalswiki. Samstundes som eg byter til filer med lågare oppløysing, «reparerer» eg gjerne litt på bileta. Det finst mykje betre redigeringsprogram i dag enn då eg byrja å legge inn bilete. Om nokre år eller så håpar eg å ha fått også dei eldre bileta opp på presentabelt nivå 😁

Bileta har eg freista å ordne i «kategoriar», så det skal vere enkelt å finne fram. Heilt konsekvent har eg nok ikkje klart å få til dette, med så mykje å halde orden på. Men eit par aktuelle døme kan vere:

Livslang hobby?

Eg håpar å kunne halde fram med å skrive på Setesdalswiki i mange år endå, og legge inn bilete som kan illustrere artiklane. Det er ein staseleg hobby! Eg lærer enormt mykje om Setesdal som ellers ville vore heilt ukjend for meg 💝

Del "5000 bilete på Setesdalswiki"