Utsnitt av framsida på heftet.

Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!

Kathe Merete Kjetså legg i desse dagar siste hand på heftet sitt om Longerak kraftstasjon i Bygland.

Longerak kraftstasjon blei bygd i 1915, og ligg som ei lita middelalderborg inne i skogen på oppsida av Riksveg 9 på Longerak i Bygland. Mange har nok aldri sett dette «eventyrslottet». Men stasjonen er framleis i drift, og er i dag eigd av Å Energi.

Kathe er hobbyfotograf. Ho blei fascinert av det spennande bygget for fleire år sidan. I 2019 fekk ho vere med inn i stasjonen med fotoapparatet sitt. Nå i 2023 har ho vore på eit nytt besøk. Ho er takksam for god hjelp, mellom anna frå Reidar Larsen og Morgan Igland m.fl. Ho har også teke turen opp til inntaksdammen ved Longeraksvatnet, og følgd røyrgata frå dammen ned til stasjonen. Eller kanskje det var omvendt.

Industrihistorie, natur og kunstfoto i nydeleg samspel

Eg har vore så heldig å få kikke gjennom eit utkast til heftet som Kathe snart vil sende til trykking. Innhaldet kan kanskje delast i tre delar. Først i heftet er det ein del bilete av kraftverket, utvendig og innvendig. Bileta er følgd opp med historia bak kraftstasjonen, og nokre ord om kva bileta syner. Om du er litt teknisk interessert, trur eg bileta av maskinane og utstyret er spesielt spennande å sjå.

Etter dette følger me Kathe ein liten avstikkar ut på Snipa, eit utkikkspunkt høgt ovafor Longerak. Her er det fine bilete av den umåteleg vakre utsikten utover Byglandsfjorden og andre naturbilete. Det er også bileta av nokre av gardane og bygningane på Longerak, med korte forklarande tekstar til.

Hobbyfotograf og nå også forfattar Kathe Merete Kjetså. Foto: Synnøve Solberg

Mot slutten av heftet presenterer Kathe nokre av detaljane ho har fanga opp inne i kraftstasjonen. Når eg i innleiinga av stykket her har kalla henne «hobbyfotograf», er det fordi ho sjølv kallar seg det. Men desse nydelege detaljbileta bak i heftet er ikkje laga av ein «hobbyfotograf», men ein verkeleg flink «interiørfotograf». Eitt av bileta har vore med i Årboka til Norsk Selskap For Fotografi. Same biletet blei også antatt i NM i foto i regi av NSFF.

Longerak kraftstasjon er etter mi meining eit kunstverk og eit verdfullt kulturminne. Biletheftet Kathe snart har klart for sal er også eit kunstverk, tykkjer eg, og spesielt den siste delen med bilete av trappa i tårnet. Så eg står fullt og heilt inne for tittelen på stykket her – heftet er eit kunstverk om kunstverket. Eg vonar mange har lyst til å sjå dei vakre bileta til Kathe, og lese historia bak Longerak kraftstasjon.

Tinging av heftet

Det vil gå ei lita tid før heftet er i sal, kanskje rundt månadsskiftet januar/februar ein gong. Det har 44 sider. Prisen er ikkje fastsett, men blir en stad rundt 150 kr. Om du vil vere trygg på å få tak i heftet når det kjem ut, kan du alt nå tinge det hos Kathe på mob. 918 53 278 eller E-post: kmkjetsaa@gmail.com.

Kathe har si eiga fotoside på Facebook – der kan du sjå mykje meir av det ho ser gjennom fotoapparatet/objektivet sitt.

Del "Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!"