Utsynet utover Byglandsfjorden 5. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Snipa på Longerak – majestetisk utsiktspunkt!

Høgt oppe i lia mellom Longerak og Longeraksvatnet ligg Snipa, eit utkikkspunkt med eit enormt utsyn ned til Longerak, over mot Frøyrak, og endå mykje lenger både sørover og nordover Byglandsfjorden.

Snipa er ikkje eit offisielt namn på fjellet. Kva namnet kjem av veit eg ikkje. Staden blei litt kjend for turgåarar då toppen fleire gonger var med i Otra IL skigruppa sitt årevisse turopplegg «Ti toppers». Seinare er turen opp hit også blitt registrert på TellTur.no med løypa innteikna på kart.

Bratt og krevjande stigning

Turen går først på ein fin, men bratt traktorveg (grusveg) oppover om lag to kilometer. Langs vegen er det for det meste tett skog. Utsikten er ikkje all verden så langt.

Rett etter at du har passert inntaksdammen til Langerak kraftverk, skal du ta av frå vegen og gå ut mot sjølve utsiktspunktet. Dette siste strekket er rundt 500 meter. Det går ein tydeleg sti i terrenget du kan følge. Det kan vere litt blautt over nokre myrdrag utover mot målet. Gode fjellsko eller støvlar kan difor vere greitt å bruke på turen. Løypa har vore merka tidlegare. Men mykje av merkinga er borte nå. Stien er merka av med raud stipla line på Norgeskart.no.

Turen held fram under biletet

Rett etter inntaksdammen skal du ta til venstre ut mot Snipa. Foto: Geir Daasvatn

Draumesyn

Vel framme på utsiktspunktet er det ei fenomenal oppleving å sjå Byglandsfjorden blinke under deg. Longerak ligg rett under fjellet, og er av mange rekna som ei av dei finaste grendene i Setesdal. Over på andre sida av fjorden ser du garden Frøyrak.

Forleng turen til Longeraksvatnet!

Når du er tilbake til skogsbilvegen, er det ein god idé om du forlengar turen inn til Longeraksvatnet. Der kan du sjå dammen som demmer opp Longeraksvatnet til magasin for Langerak kraftverk, og ellers bare nyte det vakre landskapet. Det er kanskje rundt ein kilometer å gå inn til vatnet frå der du tok av til Snipa.

Korleis kjem du hit

Anten du køyrer sørover på Riksveg 9 frå Bygland, eller nordover frå Evje, skal du til Longerak. Frå Evje til Longerak er det ca. 20 km. Nord på Longerak, der bygdevegen kjem ut på Riksveg 9, er det parkeringsplass rett over på andre sida (austsida) av riksvegen. Det er straks på nordsida av Longeraksåni. Frå parkeringsplassen følger du bare traktorvegen som slyngar seg bratt oppover lia. Ofte vil vegen vere stengt med ein kjetting. Då er startpunktet ekstra lett å finne.

God tur!

Fleire turtips på Setesdalssida.no

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Snipa på Longerak – majestetisk utsiktspunkt!"