Åraksbø 22. januar 2020. Foto: Geir Daasvatn

Ein liten hyllest til Åraksbø

Eg har setta saman eit lite hefte med landskapsbilete frå Åraksbø. Det er min vesle hyllest til denne vakre grenda, der landskapet er så umåteleg fint.

Heftet har eg kalla Åraksbø – eit smykke i Setesdal. Det kom til etter eit innfall, ein kveld eg las ein gamal avisartikkel frå 2003 der Åraksbø er omtala som bygda som tapte mot tida.

Eg har ikkje mykje kjennskap til dette lille samfunnet på austsida av Åraksfjorden i Bygland. Men eg køyrer forbi grenda av og til, på tur oppetter eller nedover dalen for å fotografere. Då er inntrykket mitt at det framleis er bra med liv!

Landskapsbilete

Heftet syner glimt av landskapet, frå Åraksfjorden til Årdalen langt inne i austheia i Bygland. Formatet er A-5. Dei fleste bilda er over to sider, då det passar best med dei «breie» landskapsbileta mine. Det er ei lita innleiing med litt tekst. Resten av heftet er bilete med ei kort forklaring til kva biletet syner.

Setesdalstrykk på Evje har trykka heftet. Det er dataprint. Kvaliteten er god.

Opplaget er begrensa, bare 100 eksemplar. Over halvparten er tinga på førehand. Om du skulle ha lyst til å sjå glimta mine frå Åraksbø kan du sende meg ein SMS på mob 909 26 724 eller kontakte meg på Messenger. Eg har også sida Geir Daasvatn Foto på Facebook, der du kan nå meg. Prisen for heftet er 100 kroner. Eg leverer «på døra» i Setesdal. Evt. porto ved postsending lenger unna kjem i tillegg.

Del "Ein liten hyllest til Åraksbø"