Longerak kraftstasjon. Foto: Kathe Merete Kjetså

Kathe Merete Kjetså med utstilling av bilete på Stoga

Hobbyfotografen Kathe Merete Kjetså kjem til Stoga i Bygland med salsutstillinga «Fotoblikket mitt». Opninga er søndag 26. mars kl. 12.30.

Kathe bur i Krossen i Evje og Hornnes. Ho er kanskje mest kjend for dei mange vakre landskapsbileta sine frå Iveland, Evje og Hornnes og Bygland. Ho har i ei årrekke gleda oss med lokale motiv på Facebooksida si, på Facebooksida «Sørfoto» og i andre samanhengar.

Kathe Merete Kjetså. Portrett.
Foto: Synnøve Solberg

Til utstillinga på Stoga er det ikkje landskapet som er i sentrum. Ho tek i staden med seg meir kunstnariske motiv av ulike slag. Eit nydeleg døme er biletet øvst i artikkelen, med motiv frå Longerak kraftstasjon. Det er antatt i NM i foto i regi av Norsk Selskap for Fotografi og teke med i årboka til foreninga. Du kan bare glede deg til å sjå det i eit litt større format i Stoga.

Det blir i tillegg høve til å sjå nokre av Kathe sine landskapsbilete på storskjerm på Stoga. Ho har sett ein del av dei finaste bilda sine frå Bygland saman til ein veldig flott presentasjon, med musikk til. Betre marknadsføring av naturen i kommunen må me etter mi meining leite lenge for å finne.

– Eg har kalla utstillinga «Fotoblikket mitt», fordi landskapsbileta på veggen saman med bileta i utstillinga attspeglar ganske godt kva eg driv med innan foto, og kva eg ser når eg er rundt omkring for å fotografere, seier Kathe.

Dette er ei salsutstilling, slik at alle bileta er å få kjøpt.

Utstillinga blir ståande 26. mars–30. april.

Kathe er ein veldig flink, men ganske beskjeden person i høve til fotohobbyen sin. At ho nå endeleg kjem ut med ei eiga utstilling med nokre av bileta sine tykker eg er stor stas og på høg tid.

Lykke til!

Foto: Kathe Merete Kjetså

Del "Kathe Merete Kjetså med utstilling av bilete på Stoga"